Hopp til innhold
X
Innhald

Front Islamique du Salut

Front Islamique du Salut, FIS, Den islamske bergingsfronten, er det islamistiske partiet i Algerie.

Partiet vann første runde av valet i 1991, som deretter vart annullert, og partiet vart forbode i 1992. Den islamske bergingsfronten har sidan ført borgarkrig mot algeriske styresmakter og vert knytt til terroraksjonar og omfattande grufulle gjerningar. Partileiar Abassi Madani vart fengsla i 1992 og sett fri i 2003. Fronten gjekk i oppløysing etter borgarkrigen, og spelar inga politisk rolle i Algerie i dag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.04.2014
Sist oppdatert: 22.04.2014