Hopp til innhold
X
Innhald

Gestapo

Gestapo var det hemmelege statspolitiet i det tyske riket frå 1933 til 1945. Gestapo hadde vide fullmakter og var frykta for si brutale framferd mot motstandsfolk og minoritetar i dei okkuperte områda.

Gestapo, ei forkorting av det tyske Geheime Staatspolizei, var ei avdeling av Sicherheitspolizei (Sipo). Ettersom avdelinga stod for den utøvande verksemda, med arrestasjonar, forhøyr og fengslingar, vart Gestapo blant vanlege folk gjerne oppfatta som identisk med heile Sicherheitspolizei, det tyske tryggingspolitiet.

Hermann Göring oppretta Gestapo då han reorganiserte den prøyssiske politistyrken i 1933. Politistyrken vart overteken av SS (Schutzstaffel) og gjort til ein nasjonal styrke under leiing av Heinrich Himmler i 1934. Gestapo skulle eliminere all politisk opposisjon mot nasjonalsosialistane. Gestapo følgde tett bak den ekspanderande tyske fronten og etablerte seg i dei okkuperte områda.

Det tyske tryggingspolitiet organiserte seg etter det kompliserte mønsteret frå hovudkvarteret i Berlin då dei etablerte seg i Noreg. Sjølv om politiet ikkje var formelt underlagt Reichskommissaren i det okkuperte Noreg, Josef Terboven, hadde han i praksis stor makt over politiet og kven Heinrich Himmler sende til Noreg. Den sentrale oppgåva for Gestapo i Noreg vart å slå ned motstandsrørsla. Omfattande bruk av tortur stod sentralt.

Tryggingspolitiet hadde hovudkvarteret sitt i Victoria Terrasse i Oslo, med Heinrich Fehlis som frykta leiar. 151 nordmenn vart avretta utan dom under krigen, dei fleste på ordre frå Fehlis. Alle dei tolv tyskarane som vart dømde til døden i det norske rettsoppgjeret etter krigen, var Gestapo-folk.


Kjelder

Cathal J. Nolan: The Concise Encyclopedia of World War II. Santa Barbara 2010

Berit Nøkleby: Gestapo. Tysk politi i Norge 1940–45. Oslo 2003

Kellie Searle: «Gestapo», i Paul R. Bartrop og Michael Dickerman (red.): The Holocaust. An Encyclopedia and Document Collection. Chicago 2017

 

Jan Ingar Hansen: «Gestapo», forsvaretsmuseer.no: http://forsvaretsmuseer.no/Rustkammeret/Militaerhistorie/2.verdenskrig/Gestapo [lesedato 1.11.2018]

Nøkleby, Berit: «Heinrich Fehlis», Norsk biografisk leksikon, snl.no: https://nbl.snl.no/Heinrich_Fehlis [lesedato 1.11.2018]

Først publisert: 19.03.2019
Sist oppdatert: 19.03.2019