Hopp til innhold
X
Innhald

GULag

GULag er ei forkorting for det russiske Glavnoje Upravlenije Lagerej, det vil seie Hovudforvaltinga for leirane, ei avdeling i OGPU, ei forkorting for det sovjetiske politiske politiet, med ansvar for å administrere leirsystemet. GULag vart oppretta i 1930, men nedlagt som sjølvstendig avdeling i 1956.
 
Gjennom bruken av tvangsarbeidskraft spelte GULag ei nøkkelrolle i sovjetisk økonomi på 1930- og 1940-talet. Uttrykket vart særleg kjent i utlandet gjennom verket GULag-arkipelet (1973–76) av Aleksandr Solzjenitsyn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 24.01.2014