Hopp til innhold
X
Innhald

Hamas

Hamas er ei arabisk forkorting for "den islamske motstandsrørsla", ei militant, islamsk palestinsk rørsle på den okkuperte Vestbreidda og særleg i Gaza-stripa. Hamas vart grunnlagt i 1987, er knytt til Muslimbrørne og har som erklært mål å opprette ein islamsk stat i Palestina.
 
Hamaspakta frå 1988 slår fast at kampen mot Israel skal førast med hjelp frå Jihad som tyder heilag krig. Motstandsrørsla har markert seg som motstandar av Osloavtalen, og har teke på seg ansvaret for ei rekkje terroraksjonar i Israel. Hamas driv omfattande sosialt arbeid for palestinarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014