Hopp til innhold
X
Innhald

ILO

ILO står for International Labour Organization, Den internasjonale arbeidsorganisasjon, og vart danna i 1919. Frå 1946 har han vore ein særorganisasjon i FN og arbeider med internasjonale vedtekter og program for forbetring av arbeids- og levevilkår, auka sysselsetjing og for å fremje grunnleggjande menneskerettar.
Pr. 2013 har ILO 185 medlemsstatar og hovudkvarter i Genève. Arbeidsorganisasjonen fekk Nobels fredspris i 1969.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014