Hopp til innhold
X
Innhald

Inkatha Freedom Party

Inkatha Freedom Party er ei sørafrikansk, politisk rørsle som vart stifta i 1975 og omdanna til politisk parti i 1990. Partiet har i første rekkje oppslutnad hos zuluar. Frå starten har partiet vore leidd av Mangosuthu Buthelezi. I kampen mot apartheid skilde Inkatha seg frå ANC mellom anna i haldningane til væpna kamp og gjennom ei meir imøtekomande line overfor regjeringa, som prøvde å spele dei to organisasjonane opp mot kvarandre. Frå slutten av 1980-åra var det omfattande valdshandlingar mellom tilhengjarar av Inkatha og ANC.
 
Inkatha ynskjer eit føderalt og desentralisert Sør-Afrika, bygd på marknadsøkonomi. Partiet har vore representert i samlingsregjeringa i 1994 og i seinare regjeringar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014