Hopp til innhold
X
Innhald

Internasjonale fagforeiningsforbund

Internasjonale fagforeiningsforbund, det vil seie dei internasjonale samarbeidsorganisasjonane til fagrørsla, strekkjer seg attende til 1901 då International Federation of Trade Unions, I.F.T.A., kalla Internasjonale faglige Central på norsk, vart oppretta på ein konferanse i København med deltaking frå ei rekkje europeiske land, etter kvart òg frå USA.
Samarbeidet braut saman under den første verdskrigen, men vart teke opp att i Amsterdam i 1919. Denne såkalla Amsterdam-internasjonalen var sosialdemokratisk orientert. I 1921 kom det kommunistiske motstykket, Den raude faglege internasjonalen – Profitern, med hovudkvarter i Moskva og under leiing av det russiske kommunistpartiet.
Den norske Landsorganisasjonen, LO, vart medlem av I.F.T.A. frå starten og heldt fram som medlem av Amsterdam-internasjonalen til midt i 1920-åra, og på nytt frå 1936. I 1945 gjekk sosialdemokratar og kommunistar saman om å danne ein felles fagleg internasjonale, World Federation of Trade Unions, WFTU, med hovudkvarter i Praha. I 1949 gjekk dei sosialdemokratiske organisasjonane ut og danna Frie faglege internasjonalar, International Confederation of Free Trade Unions, ICFTU, med hovudkvarter i Brussel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 03.04.2014