Hopp til innhold
X
Innhald

Kongresspartiet

Kongresspartiet, på engelsk Congress Party, er eit indisk politisk parti som vart grunnlagt som Indian National Congress i 1885. Partiet dominerte frigjeringsrørsla mot det britiske styret av India. Frå om lag 1915 til 1964 var Kongresspartiet leidd av Mahatma Ghandi og Jawaharlal Nehru. Venstrefløya til Indira Gandhi samla etter kvar dei fleste tilhengjarane av Kongresspartiet, og vann ein overlegen valsiger i 1971. I åra som følgde viste regjeringa Gandhi stadig tydelegare autoritære trekk, og i 1977 tapte Kongresspartiet for det leiande opposisjonspartiet Janata. Atter ein gong vart Kongresspartiet splitta, og med namnet Congress (I), I-en stod for Indira, vann partiet hennar ein overveldande valsiger i 1980.
 Indira Gandhi vart drepen i 1984, og sonen hennar, Rajiv Gandhi, tok over som statsminister og partileiar. Etter eit valnederlag i 1989 miste partiet regjeringsmakta, og i 1991 vart Rajiv Gandhi drepen. I åra 1991–96 hadde Kongresspartiet makta att. Partileiar i den perioden var P.V. Narasimha Rao, deretter Sitaram Kesri inntil enka til Rajiv Gandhi, Sonia Gandhi, tok over som leiar i 1998. Ho avslo statsministerposten då partiet på nytt fekk regjeringsmakt i 2004, og vann overraskande valet i 2009.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014