Hopp til innhold
X
Innhald

Labour Party

Labour Party, det britiske arbeidarpartiet, vart stifta i 1900 av det uavhengige arbeidarpartiet, stifta i 1893, og den faglege landsorganisasjonen. Labour var med i samlingsregjeringa under den første verdskrigen. I koalisjon med dei liberale danna partileiaren Ramsay MacDonald regjering først i 1924 og så i 1929–31. Då MacDonald i 1931 under trykket frå den internasjonale økonomiske krisa stilte seg i spissen for ei nasjonal samlingsregjering under den andre verdskrigen, braut den radikale fløya i Labour ut og danna Independent Labour Party.
Labour var med i samlingsregjeringa til Churchill under den andre verdskrigen og tok over regjeringsmakta med Clement Attlee som statsminister etter ein valsiger i 1945. Valnederlaget i 1950 førte til sterk splitting i partiet. Labour hadde regjeringsmakt i åra 1964–70 med Harold Wilson som statsminister, og i 1974–76 med James Callaghan som statsminister. Då den radikale Michael Foot vart vald som partileiar i 1980, braut ein del moderate ut og danna Social Democratic Party. Foot trekte seg etter valnederlaget i 1983 og vart følgd av Neil Kinnock, som var den yngste partileiaren til då, fødd i 1942. Han vart følgd av Jon Smith i perioden 1992–94 og Tony Blair frå 1994. Blair vart òg statsminister i 1997. I 2007 tok George Brown over som leiar og statsminister. I 2010 vart Ed Miliband partileiar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014