Hopp til innhold
Logoen til Moderaterna.
Logoen til Moderaterna.
X
Innhald

Moderata samlingspartiet

Moderata Samlingspartiet, som populært vert kalla Moderaterna, er det største borgarlege partiet i Sverige.

Moderata Samlingspartiet, eller Moderaterna, også «Nya Moderaterna» frå 2003, vart grunnlagt som Allmänna valmansförbundet i 1904. I 1938 bytta partiet namn til Högerns riksorganisation, sidan til Högerpartiet i 1952, og til dagens partinamn i 1969. Då Fredrik Reinfeldt vart partileiar i 2003 lanserte partiet «Nya Moderaterna».

Moderaterna har delteke i borgarlege samlingsregjeringar i periodane 1976–78, 1979–81, 1991–94 og 2006–14.
 
Carl Bildt var partileiar i perioden 1986–99, Bo Lundgren i perioden 1999–2003, Fredrik Reinfeldt var partileiar i perioden 2003–15 og statsminister 2006–14, og Anna Kinberg Batra var partileiar i perioden 2015–17. Frå 2017 har Ulf Kristersson leidd partiet.


Fredrik Reinfeldt. Foto: Johnny Sødergren, flickr.com CC BY 2.0
Fredrik Reinfeldt under valkampen i 2010. Foto: Johnny Sødergren, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 14.03.2019