Hopp til innhold
Aung San Suu Kyi på Verdens økonomiske forum i 2012. Foto: Sikarin Thanachaiary. Kredit: World Economic Forum, Flickr.com  CC BY-NC-SA 2.0.
Aung San Suu Kyi på Verdens økonomiske forum i 2012. Foto: Sikarin Thanachaiary. Kredit: World Economic Forum, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.
X
Innhald

National League for Democracy

National League for Democracy, NLD, er eit politisk parti i Myanmar, leidd av nobelprisvinnaren Aung San Suu Kyi.

NLD fikk 80 prosent av røystene i parlamentsvalet i 1990, men valet vart annullert av dei militære makthavarane. Valet i 2010 vart kritisert for å ikkje vere demokratisk, og først i 2015 vart det igjen halde val i Myanmar.

NLD vart registrert som politisk parti i januar 2012 og vann 43 av 44 sete ved suppleringsval same året. Aung San Suu Kyi vart valt inn i underhuset i Myanmar si nasjonalforsamling og vart dermed ein leiande politikar i landet att.

Aung San Suu Kyi. Foto: World Economic Forum, Flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 09.11.2015