Hopp til innhold
X
Innhald

Pathet Lao

Pathet Lao er laotisk og tyder Laos land. Det er namnet på ei venstreorientert nasjonalistrørsle i Laos, grunnlagd i 1951 med prins Souphannouvong som leiar. Nasjonalistrørsla leidde ein geriljakrig mot det franske kolonistyret med støtte frå den vietnamesiske organisasjonen Vietminh. Seinare førte dei kampen vidare mot USA og vann makta i 1974–75.
Den demokratiske folkerepublikken Laos vart proklamert med Souphannouvong som president, og innførte eittpartistyre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014