Hopp til innhold
X
Innhald

Patriotisk Front

Patriotisk Front, Patriotic Front på engelsk, var ein mellombels samanslutnad av dei to frigjeringsrørslene i Zimbabwe i 1976: ZANU som Robert Mugabe leidde, og ZAPU leidd av Joshua Nkomo. Alliansen braut seinare saman, og ZANU vann ein overveldande siger ved valet i 1980. ZANU og ZAPU var i skarp konflikt i åra som følgde. Partia vart splitta inntil dei vart slegne saman og tok namnet ZANU-PF i 1988.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014