Hopp til innhold
X
Innhald

Peronismen

Peronismen, eigentleg Partido Justicialista, er ei argentinsk politisk rørsle. Den viktigaste av alle latinamerikanske populistrørsler, og i tillegg den som rommar dei mest motstridande tendensane.
Grunnleggaren, Juan Domingo Perón, gjennomførte omfattande sosiale reformer og sikra seg stor oppslutnad i breie lag av folkesetnaden då han var president i Argentina i åra 1946–55. Rørsla har heile tida vore vanskeleg å plassere ideologisk. Peronist-kandidaten Carlos Menem vann presidentvala i 1985 og 1995, men tapte valet mot Nestor Kirschner i 2004.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014