Hopp til innhold
X
Innhald

PKK

PKK, står for Partîya Karkeren Kurdîstan, Kurdistans arbeidarparti, og er eit forbode, marxistisk parti som har som mål å opprette eit sjølvstendig Kurdistan eller ein tyrkisk-kurdisk føderasjon.
PKK vart stifta i Tyrkia og har sidan 1984 kjempa mot det tyrkiske regimet med vald. Dei kjempar òg mot konkurrerande kurdiske organisasjonar og har brukt vald utanfor dei tyrkiske grensene òg, mellom anna med å drepe hoppa medlemer som har hoppa av. Hovudkvarteret ligg i Syria. Sjå Öcalan.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014