Hopp til innhold
X
Innhald

PLO

PLO står for Palestine Liberation Organization, den palestinske frigjeringsorganisasjonen, grunnlagd i Kairo i 1964 som den samlande organisasjonen for den palestinske nasjonalrørsla. Organisasjonen har vore prega av sterke indre motsetnader gjennom heile historia.
Etter Seksdagarskrigen mellom Israel og arabarlanda i 1967, slutta fleire palestinske organisasjonar seg til, mellom dei al-Fatah, der leiaren, Yasir Arafat, var PLO-leiar frå 1969 til han døydde i 2004.
Yasir Arafat. Foto: Hans Jørn Storgaard Andersen, CC BY 2.0
Yasir Arafat. Foto: Hans Jørn Storgaard Andersen, CC BY 2.0
Hovudføremålet til PLO er å skape ein nasjonalstat for palestinarane i Midt-Austen. Organisasjonen gjekk opphavleg inn for at Israel måtte oppløysast, men på slutten av 1980-åra aksepterte PLO indirekte retten Israel har til å eksistere. Med utgangspunkt i Jordan og seinare Libanon dreiv PLO geriljakrig mot israelske mål. Fleire av medlemsorganisasjonane i PLO vart tvinga til å reise frå Jordan, og organisasjonen oppretta hovudbasane i Libanon. Etter at Israel invaderte Libanon i 1982, vart PLO leidd frå Tunis. Våren 1983 gjorde syriskstøtta grupper i PLO væpna opprør mot Arafats leiing av organisasjonen, og PLO-leiinga vart tvinga til å evakuere dei attverande leirane i Libanon. Den palestinske folkereisinga, intifadaen, på den israelsk-okkuperte Vestbreidda og i Gaza frå desember 1987 styrkte stillinga til PLO.
Hausten 1988 erklærte det palestinske nasjonalrådet, det øvste organet i PLO, opprettinga av ein palestinsk stat. I april 1989 valde rådet Arafat til president. I september 1993 underteikna PLO og Israel Osloavtalen, der partane aksepterte kvarandre.
I 1996 vart PLO-leiar Yasir Arafat vald til president for dei sjølvstyrte områda på Gaza-stripa og Vestbreidda av Jordan. Osloavtalen vart ikkje gjennomført etter den opphavlege planen, og fleire forhandlingsrundar i 1990-åra førte ikkje til ei løysing. Eit nytt palestinsk opprør braut ut hausten 2000. Palestinske sjølvmordsåtak mot sivile israelske mål vart møtte av omfattande israelske militæraksjonar i dei okkuperte områda. Aukande oppslutnad om radikale islamittiske grupperingar i dei okkuperte områda svekte stillinga til PLO, sjølv om organisasjonen heldt fram med å dominere det palestinske regjeringspartiet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014