Hopp til innhold
X
Innhald

Polisario

Polisario, Folkefronten for frigjering av Saguia el Hamra og Rio de Oro, er ei rørsle som krev fridom for tidlegare Spansk Vest-Sahara, som vart delt mellom Mauritania og Marokko i 1976.
 
Etter at Mauritania og Polisario hadde slutta ein fredsavtale i 1979, annekterte Marokko heile Vest-Sahara. I 1980-åra var det kampar mellom Polisario og marokkanske styrkar. Våpenkvila kom i 1991. Ein plan om ei folkerøysting er ikkje gjennomført. Sidan 1980-talet er Polisario sterkt svekt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014