Hopp til innhold
X
Innhald

Radikale Venstre

Radikale Venstre, RV, er eit dansk parti som vart grunnlagt i 1905 med eit liberalt og pasifistisk program. Partiet fekk regjeringsmakta under den første verdskrigen og deltok i regjeringskoalisjonar med sosialdemokratisk leiing under Thorvald Stauning i åra 1957–64. I åra 1968–71 stod partileiar Hilmar Baunsgaard i spissen for ei borgarleg samlingsregjering. Radikale Venstre var med i koalisjonsregjeringar i åra 1988­–90 og 1999–2001, og danna regjering saman med Socialdemokratiet og Socialistisk Folkeparti etter valet i 2011.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014