Hopp til innhold
X
Innhald

Raude brigadar

Raude brigadar, Brigade rosse, var italienske terrorgrupper på ytste venstre fløy. Dei hevda å ha ideologiske røter mellom anna i kulturrevolusjonen i Kina, tupamaros som er bygeriljaer i Sør-Amerika, og studentopprøret i Paris i 1968. Dei rekrutterte frå den katolske mellomklassa og hadde etter måten mange medlemer og sympatisørar.
Fenomenet bygerilja dukka opp i Italia i 1969. Dei gruppene som vart Raude brigadar, oppstod i 1970 i arbeidarklassemiljø i Milano. Raude brigadar utfordra den borgarlege strukturen i samfunnet som dei påstod var fascistisk, og ville ha eit kommunistisk samfunn. Dei gjennomførte attentat, kidnappingar og politiske mord i 1970-åra, der dei gjekk til åtak på både industrileiarar, journalistar, politifolk, advokatar og politikarar. I 1978 vart ein av dei mest sentrale politikarane i Italia, kristelegdemokraten Aldo Moro, bortførd av Raude brigadar. Moro var eksponenten for ein stabiliseringspolitikk i Italia. Han vart funnen 55 dagar seinare, drepen. Utover i 1980-åra vart mange terrormistenkte stilte for retten, mellom dei leiarane i Raude brigadar, som var involverte i mordet på Moro. Mange fekk livstidsdomar. Raude brigadar miste etter kvart krafta og gjekk i oppløysing i slutten av 1980-åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012