Hopp til innhold
X
Innhald

Raude Khmer

Raude Khmer, Khmers Rouges på fransk, var ei kommunistisk militær- og politisk rørsle i Kambodsja leidd av Pol Pot. Rørsla førte geriljakrig mot styret til prins Sihanouk i 1960-åra, og mot det USA-støtta Lon-Nol-regimet som følgde.
 
Raude Khmer tok makta i landet i 1975. Fram til det vart styrta etter invasjonen frå Vietnam, gjennomførte rørsla ei ultraradikal omlegging av samfunnslivet. Store delar av folket vart tvangsflytta til landsbygda, og delar av folkesetnaden vart utsette for systematiske og omfattande overgrep. Tapstala er usikre, men ein reknar med at minst 1 million menneske vart drepne. Frå 1979 gjekk Raude Khmer attende til geriljakamp mot det Vietnam-støtta regimet.
 
I 1990-åra vart rørsla splitta, og delar av Raude Khmer slutta seg til regjeringa. I 1997 vart Pol Pot dømd til livsvarig fengsel av ein fraksjon av rørsla, og han døydde året etter. Same året gjekk Raude Khmer i oppløysing.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014