Hopp til innhold
X
Innhald

Renamo

Renamo eller MNR, som står for Mosambiks nasjonale motstandsrørsle, er ein mosambikisk opprørsorganisasjon som vart danna i 1976, året etter at Portugal drog seg ut av landet.
Organisasjonen hadde som mål å styrte Frelimo-regjeringa, og organiserte sabotasje- og geriljatokt inn i Mosambik frå Rhodesia, som no heiter Zimbabwe, og Sør-Afrika. Renamo vart med på ein fredsavtale i oktober 1992, og heldt fram som politisk parti.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014