Hopp til innhold
X
Innhald

Rotary International

Rotary International er ein interesseorganisasjon som vart stifta 1905 i Chicago. I 1922 vart han eit verdsforbund. Oslo Rotary Klubb vart stifta same året. I ein Rotary-klubb skal det berre vere éin representant for kvar næringsgrein eller kvart yrke. Organisasjonen har vore open for kvinner sidan 1989. Hovudkontoret ligg i Illinois, USA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014