Hopp til innhold
X
Innhald

Sajudis

Sajudis, Den litauiske fornyingsrørsla, er ei masserørsle som vart oppretta i Litauen våren 1988. I dei første frie vala til det øvste rådet i Litauen, parlamentet, i februar 1990 fekk Sajudis reint fleirtal. Den 11. mars same året erklærte Rådet fullt sjølvstende for Litauen.
 
Leiaren for Sajudis, Vytautas Landsbergis, var president i landet i åra 1990–92. Etter eit valnederlag i 1992 vart Sajudis omdanna til eit konservativt parti i mai 1993.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014