Hopp til innhold
X
Innhald

Sannfinnane

Sannfinnane er eit fløyparti i den finske Riksdagen. Det høgrepopulistiske partiet vart stifta i 1995 og er sterkt euro- og innvandringskritisk. I 2017 skjedde ei splitting av partiet, då sentrale politikarar braut ut og danna partiet Blå framtid.

Sannfinnane, på finsk Perussuomalaiset, har dei politiske røtene sine i Landsbypartiet, eit populistisk parti som arbeidde særleg for dei mange småbøndene i Finland. Landsbypartiet var prega av indre uro og regjeringsslitasje og vart oppløyst etter eit svakt val i 1995. Sannfinnane overtok mykje av det politiske programmet, men det er vanskeleg å setje dei i ein politisk bås.

Sannfinnane har vore kritiske til rettane til den svenske minoriteten i Finland. Dei er innvandringskritiske og skeptiske til EU og motstandarar av innføringa av euroen. Partiet ønskjer å vere eit talerør for vanlege folk og har særleg retta seg mot dei som lever i distrikta, og som har vorte råka av innskrenkingane i den finske velferdsstaten: pensjonistar, sjuke og uføre.

Partiet hadde lenge ei relativt låg oppslutning ved val, men etter krisa i den europeiske økonomien i 2008 kom ein kraftig vekst. I 2007 fekk dei 4,1 prosent oppslutning ved det finske parlamentsvalet. I 2011 var oppslutninga meir enn firedobla, til 19,1 prosent. I 2015 stemte 17,7 prosent på Sannfinnane, og partiet utgjorde den nest største gruppa i den finske Riksdagen.

Sannfinnane var med og danna ny regjering i Finnland i 2015, saman med Centern og Samlingspartiet. Leiaren, Timo Soini, vart utanriksminister i den nye regjeringa. I 2017 vart Jussi Halla-aho vald til ny leiar i Sannfinnane. Halla-aho høyrer til høgresida i partiet, og leiarvalet skapte uro. Statsminister Juha Sipilä frå Centern kunngjorde etter valet av den svært innvandringskritiske Halla-aho til ny partileiar at dei to andre regjeringspartia ikkje ønskte å halde fram samarbeidet med Sannfinnane.

Samlingsregjeringa som Sipilä var leiar for, vart likevel sitjande, ettersom eit fleirtal av riksdagsgruppa til Sannfinnane braut med eige parti og danna ei ny riksdagsgruppe. Utbrytargruppa støtta regjeringa og regjeringsprogrammet, og utgjorde grunnlaget for danninga av eit nytt parti. Dette partiet fekk seinare namnet Blå framtid. Alle ministrane frå Sannfinnane, med utanriksminister Timo Soini i spissen, gjekk over til det nye partiet. Blå framtid har sidan splittinga slite med oppslutnaden og ligg langt under Sannfinnane på partimålingane.

Kjelder

Ann-Cathrine Jungar: «From the mainstream to the margin? The radicalisation of the True Finns», i Tjitske Akkerman, Sarah L. de Lange og Matthijs Rooduijn (red.): Radical right-wing populist parties in Western Europe. Into the Mainstream? London 2016

Kristian Klarskov: «Finsk høyrenasjonalist skapte regjeringskaos», Bergens Tidende 14.4.2015

 

Rikhard Husu: «Regeringen fick riksdagens förtroende – rösterna föll 104 för och 85 mot», svenska.yle.fi, publisert 20.6.2017: https://svenska.yle.fi/artikel/2017/06/20/regeringen-fick-riksdagens-fortroende-rosterna-foll-104-och-85-mot [lesedato 29.11.2018]

Anders Ravik Jupskås: «Hva slags parti er Sannfinnene?», minervanett.no, oppdatert 17.4.2012: https://www.minervanett.no/hva-slags-parti-er-sannfinnene/ [lesedato 3.11.2018]

Anders AG Karlsson: «Sannfinländarna vill bli ett mer liberalt parti», svenska.yle.fi, publisert 20.8.2018: https://svenska.yle.fi/artikel/2018/08/20/sannfinlandarna-vill-bli-ett-mer-liberalt-parti [lesedato 4.11.2018]

Sara Langh: «Djupsund: Regeringens sammansättning är pinsam», svenska.yle.fi, publisert 18.8.2017: https://svenska.yle.fi/artikel/2017/08/18/djupsund-regeringens-sammansattning-ar-pinsam [lesedato 29.11.2018]

«Sannfinnene rakner i Finland», aftenposten.no, publisert 13.6.2017: https://www.aftenposten.no/verden/i/dVd1q/Sannfinnene-rakner-i-Finland [lesedato 4.11.2018]

Statistics Finland, stat.fi: https://www.stat.fi/tup/suoluk/suoluk_vaalit_en.html [lesedato 4.11.2018]

Jan Sundberg: «Who are the nationalist Finns Party?», bbc.com, publisert 11.5.2015: https://www.bbc.com/news/world-europe-32627013 [lesedato 3.11.2018]

Peikarar

Presentasjon av Sannfinnane si gruppe i den finske Riksdagen, eduskunta.fi
Sannfinnane sin presentasjon av eige parti på engelsk, perussuomalaiset.fi

 

Først publisert: 12.04.2019
Sist oppdatert: 23.04.2019