Hopp til innhold
X
Innhald

Socialistisk Folkeparti

Socialistisk Folkeparti, SF, er eit dansk venstresosialistisk parti. SF vart stifta i 1959 av Aksel Larsen, formann i Danmarks kommunistiske parti i perioden 1932–58. Partiet ønskjer eit alliansefritt Danmark utan militærvesen og går mot dansk medlemsskap i EU. I 1967 braut ei gruppering på venstre fløy i Socialistisk Folkeparti ut og danna Venstresocialisterne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014