Hopp til innhold
Almedalsveckan i Visby 2014. Foto: News Øresund - Johan Wessman, flickr.com CC BY 3.0.
Almedalsveckan i Visby 2014. Foto: News Øresund - Johan Wessman, flickr.com CC BY 3.0.
X
Innhald

Sverigedemokraterna

Sverigedemokraterna er eit høgrepopulistisk, konservativt og nasjonalistisk parti i Sverige. Veksten partiet har hatt dei siste åra, har skapt skjelvingar i det svenske politiske systemet.

Sverigedemokraterna (SD) profilerer seg særleg på motstand mot innvandring og krav om ein strengare integreringspolitikk. I prinsipprogrammet definerer SD seg som eit sosialkonservativt parti med eit nasjonalistisk grunnsyn. Det inneber mellom anna at dei forsvarer den svenske velferdsmodellen, men vil i større grad avgrense han til svenske statsborgarar. Politiske motstandarar, kommentatorar og forskarar omtaler ofte partiet som høgrepopulistisk.

SD vart skipa i 1988 som eit «interesseparti for svenskar». Blant grunnleggjarane var det personar med bakgrunn i ulike rasistiske og høgreradikale organisasjonar. Sidan midten av 1990-åra har dei prøvd å fjerne seg frå desse røtene, og i 2012 erklærte partileiar Jimmie Åkesson «nulltoleranse mot rasisme» i partiet. Seinast før valet i 2018 vart det avslørt at partiet hadde kandidatar og tillitsvalde med band til høgreradikalisme, noko som førte til at dei vart ekskluderte.

Almedalsveckan i Visby 2017. Jimmie Åkesson, Sverigedemokraterna sin leiar, held partileiartale. Foto: News Øresund - Johan Wessman, flickr.com CC BY 3.0.

Almedalsveckan i Visby 2017. Sverigedemokraterna sin leiar Jimmie Åkesson held partileiartale. Foto: News Øresund - Johan Wessman, flickr.com CC BY 3.0.

Dei siste 15 åra har SD hatt ein sterk vekst i talet på medlemer, veljarar og folkevalde. I 2010 vart dei for første gong valde inn i den svenske Riksdagen, med 5,7 prosent av røystene. Seinare har oppslutnaden vakse til 12,9 prosent ved valet i 2014 og 17,5 prosent i 2018. Partiet har henta veljarar frå dei tradisjonelle styringspartia Socialdemokraterna og Moderaterna, og blant folk som ikkje har røysta tidlegare.

Ingen av dei andre partia i Riksdagen har til no ønskt å samarbeide med SD, fordi dei oppfattar det som eit populistisk parti med rasistiske røter. Historia til partiet og ein meir ytterleggåande nasjonalistisk retorikk har gjort SD vanskelegare å akseptere enn det norske Framstegspartiet. Oppslutnaden om SD, kombinert med motstanden frå dei andre partia, gjorde det krevjande å danne regjering i Sverige etter vala i 2014 og 2018.

Kjelder

David Baas: «Var aktiva i nazistgrupp – nu kandiderar de för SD», expo.se: https://expo.se/2018/08/var-aktiva-i-nazistgrupp-nu-kandiderar-de-f%C3%B6r-sd [lesedato 13.1.2019]

Anna-Lena Lodenius: «Sverigedemokraternas historia», i Håkan Bengtsson (red.): Högerpopulismen. Stockholm 2009. Publisert digitalt på al-lodenius.com: https://al-lodenius.com/artiklar-2/om-sverigedemokraterna/sverigedemokraternas-historia/ [lesedato 13.1.2019]

Peikarar

Sverigedemokraterna sine nettsider, sd.se http://www.sd.se

Linnea Heppling og Oskar Nyqvist: «Så röstade svenskarna», svt.se https://www.svt.se/special/sa-rostade-svenskarna/

Først publisert: 26.11.2019
Sist oppdatert: 26.11.2019