Hopp til innhold
X
Innhald

Taliban

Taliban kjem frå arabisk, talib, som tyder teologisk student, og er namnet på ei afghansk, politisk og religiøs rørsle. Medlemene er i første rekkje rekruttert frå den største etniske gruppa i Afghanistan, pashtunane. Taliban voks fram i 1990-åra og etablerte ein geriljastyrke som i september 1996 lukkast i å erobre Kabul og drive vekk regjeringa.
 
Rørsla nytta ei streng og bokstavtru tolking av islamsk lov.
 
Tildekte kvinner i Kabul. Foto: Abdurahman Warsame CC BY NC ND 2.0
Tildekte kvinner i Kabul. Foto: Abdurahman Warsame CC BY NC ND 2.0
 
 
 
Etter terroråtaka mot USA 11. september 2001 der den islamske aktivisten Osama bin Laden vart utpeikt som hovudmistenkt, vart Taliban utsett for sterkt internasjonalt press då dei nekta å utlevere bin Laden. Etter at Nordalliansen med hjelp frå USA rykte inn i Kabul 13. november same året, vart Taliban fordriven. Rørsla har halde fram med terroråtak mot regjeringa i Kabul og mot den sivile folkesetnaden i nordlege provinsar i Pakistan.
 
 
Sjå program frå NRK Skole, Oppdrag Afghanistan:
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.10.2014