Hopp til innhold
X
Innhald

UDF

UDF står for United Democratic Front, Den demokratiske einskapsfronten, og er ein sørafrikansk masseorganisasjon som kjempa for å avskaffe apartheidsystemet i landet. UDF vart oppretta i 1983 og var samansett av medlemsorganisasjonar frå alle rasegrupper, slik som fagforeiningar, kyrkjesamfunn, elev- og studentorganisasjonar, lokale grasrotorganisasjonar, kulturgrupper med fleire. Den demokratiske einskapsfronten vart oppløyst i 1991.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014