Hopp til innhold
X
Innhald

UNTSO

UNTSO er ei forkorting for United Nations Truce Supervision Organization, som er våpenkvilekommisjonen for Midtøsten i FN med hovudkvarter i Jerusalem. Organisasjonen vart oppretta i 1948 for å overvake våpenkvila etter krigen som følgde opprettinga av Israel i 1948. UNTSO har seinare hatt andre tilsvarande oppdrag, mellom anna etter juni-krigen i 1967. Den norske generalen Ole Bull var sjef i perioden 1963­–70.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014