Hopp til innhold
X
Innhald

Vänsterpartiet

Vänsterpartiet, V, er eit svensk politisk parti, stifta 1921 som Sveriges Kommunistiska Parti som eit framhald av Sveriges Socialdemokratiska Vänsterparti. Partiet endra namn Vänsterpartiet Kommunisterna, VPK, i 1967, samtidig som den politiske lina vart lagt om frå Moskva-tru kurs i venstresosialistisk retning. Partiet vart splitta i 1977, sjå Arbetarpartiet Kommunisterna. Namneendringa til Vänsterpartiet kom i 1990. Partiet er motstandar av kjernekraft og EU.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 24.04.2014