Martin Luther King

Martin Luther King vinkar til ei folkemengd frå trappene til Lincolnmonumentet (Lincoln Memorial) i Washington D.C. Biletet er tatt 28. august 1963, då King heldt sin berømte tale «Eg har ein draum» under Washington-marsjen til støtte for borgarrettigheitslovene.

Borgarrettsrørsla eller den amerikanske borgarrettsrørsla er namnet på ei sosial rørsle i USA på 1950- og 1960-talet. Målet var likebehandling og innlemming av afrikansk-amerikanarane i det amerikanske samfunnet. Ved å trygge dei sivile og politiske rettane deira ville dei bli likestilte med kvite amerikanarar og ta del i samfunnet på like fot.

Omgrepet borgarrettsrørsla brukest også om andre rørsler i USA og i andre land med liknande mål, til dømes katolikkane i Nord-Irland rundt 1970, opposisjonelle grupperingar i Aust-Europa før og etter kommunismens tilbakegang og opposisjonen under Den arabiske våren frå 2010.

Historiske røter

Lynsjing i Duluth

Tre unge, svarte menn blei lynsja i Duluth, Minnesota, i 1920 av ein kvit mobb etter rykter om ei gruppevaldtekt av ei kvit kvinne. Lynsjing er ein valdsam straffefullending utan lovformeleg rettargang, vanlegvis gjennomførd av ei folkemasse. Især Ku Klux Klan tok ofte lynsjing i bruk. Afrikansk-amerikanarar anklaga for valdtekt av kvite kvinner eller mord på kvite menn blei hengd for å oppretthalde eit «kvitt herredøme». Til saman blei det i åra 1882–1950 lynsja 4729 menneske i USA, derav om lag 73 prosent svarte. I åra 1900–1950 blei 1986 mennesker lynsja, derav rundt 90 prosent svarte. Seinare finnest det berre få tilfelle av lynsjing.

Av /Minnesota Historical Society.
Demonstrasjon mot lynsjing, Georgia, USA, 1946
Av /Library of Congress.
Lisens: CC BY NC 2.0
Foto av ein kafé med éin inngong for kvite (til venstre) og éin inngong for svarte/farga (til høgre)
Jim Crow er eit namn på segregeringa av kvite og svarte borgarar i USA, institusjonalisert og lovfesta frå tida etter borgarkrigen (1861–1865) og fram til 1950-åra.
Elizabeth Eckford
Elizabeth Eckford går gjennom ein hatefull mengde på Little Rock Central High School i 1957. Eckford var ein av dei første svarte elevane på Little Rock Central High School i Arkansas, som tidlegare berre hadde vore åpen for kvite elevar. Då skulen blei åpna for svarte elevar, blei Eckford og dei andre svarte elevane trakassert av kvite som var motstandarar av «raseblanding» i skulen.
Av /Gettyimages.

Borgarrettsrørsla voks fram midt på 1950-talet som eit svar på langvarig diskriminering av afrikansk-amerikanarar. Lovgivinga under og i etterkant av borgarkrigen (1861–1865) skulle garantere likestilling mellom svarte og kvite i USA. I samband med atterreisinga i sørstatane etter krigen sette sigerherrane i nord i gang ein storstilt reformpolitikk.

Reformene havarerte, og mot slutten av 1800-talet kom det på plass ein formell samfunnsorden, kjent som Jim Crow. Dette samfunnssystemet bygde på segregeringsprinsippet. Segregering innebar at hudfargen, eller rase i datidas ordbruk, var avgjerande for den politiske og sosiale organiseringa av samfunnet.

I 1896 godkjente den amerikanske høgsteretten Jim Crow og meinte at segregering ikkje var i strid med menneskerettsgarantiane i grunnloven. Så lenge det eksisterte like tilbod, når det gjaldt ulike samfunnssektorar som utdanning og transport, var ikkje segregering i strid med grunnloven.

I realiteten eksisterte åtskilde institusjonar for svarte og kvite som var svært ulike, slik at at afrikansk-amerikanarar fekk eit tenestetilbod som var langt dårlegare enn det dei kvite fekk.

I kjølvatnet til høgsterettsdomen vart segregering meir omfattande, og mange svarte vart fråtekne røysteretten i sørstatane. Formell segregering spreidde seg, mellom anna til hovudstaden Washington, D. C. Lynsjing, det vil seie fullbyrding av straff utan rettargang, nådde høgdepunktet i mellomkrigstida. Afrikansk-amerikanarar vart anklaga for valdtekt av kvite kvinner eller mord på kvite menn, og deretter hengde av kvite mobbar som ville oppretthalde eit «kvitt herredøme».

Afrikansk-amerikanarane sin kamp mot diskriminering var i denne utsette situasjonen retta mot å avskaffe lynsjing, men sjølve segregeringspolitikken kom også i søkelyset. Afrikansk-amerikanarar og kvite, progressive politikarar og juristar organiserte seg i 1909 i National Association for the Advancement of Colored People (NAACP).

Kamp i domstolane

NAACP satsa på å vinne fram ved å vise gjennom ulike rettssaker at diskriminering på grunnlag av hudfarge var i strid med grunnloven.

Anti-diskrimineringsarbeidet fekk eit gjennombrot under den andre verdskrigen der president Franklin D. Roosevelt og kona hans Eleanor bante veg. Interessa frå elitepolitikarar hang også saman med ein gryande aktivisme blant afrikansk-amerikanske arbeidarar og soldatar.

Amerikansk patriotisme vart styrkt under både annan verdskrig og den kalde krigen og skapte dårlege kår for samfunnskritikken og politisk aktivisme. Like fullt gjekk det føre seg i rettssalen ein kamp for afrikansk-amerikanaranes rettar.

I 1954 kom domen i den mest kjente rettssaka i USA i etterkrigstida, Brown mot skolestyret i Topeka i Kansas. Høgsterettsdommarane slo fast at praksisen med segregerte skular i Topeka var grunnlovsstridig. Retten grunngav avgjerda prinsipielt med å hevde at segregeringsprinsippet i seg sjølv innebar ulik behandling med uheldige konsekvensar for afrikansk-amerikanske elevar og var derfor i strid med grunnloven.

Martin Luther King og grasrota

Washington-marsjen
«Washington-marsjen» i 1963 trakk fleire enn 200 000 personar, og var blant anna til støtte for ein ny føderal borgarrettigheitslov, som ville gjere sørstatanes diskriminering ulovleg. Her heldt King talen som er blitt kjend som «Eg har ein draum-talen» («I Have a Dream»). På biletet er King nummer tre fra høgre, kledd i svart dress og slips.
Av /NTB Scanpix.
Foto av Rosa Parks med Martin Luther King jr. i bakgrunnen (ca. 1955)

For styresmaktene og den kvite fleirtalsbefolkninga i sør var domsavgjerda det same som å vifte med ein raud klut. Reaksjonen kom frå elitepolitikarar som representerte sørstatane i Washington, lokale styresmakter og Ku Klux Klan. For den afrikansk-amerikanske befolkninga derimot skapte dommen store forventningar.

Høgsteretten hadde ikkje uttalt seg om når sørstatsamfunnet skulle avskaffe segregering, og det var andre samfunnskrefter som måtte sørgje for at loven vart sett ut i praksis.

Det var først og fremst borgarrettsrørsla som fekk denne rolla. Rørsla oppstod i eit svært polarisert samfunn, der håpefulle afrikansk-amerikanarar stod overfor den engstelege kvite befolkninga i sør. Gjennom ei rekkje fredlege aksjonar tvinga aksjonistane styresmaktene lokalt og ikkje minst nasjonalt til å fjerne segregering.

Den første kjente aksjonen gjekk føre seg i Montgomery i Alabama i 1955 og var retta mot diskriming i transportsektoren. Den afrikansk-amerikanske baptistpresten Martin Luther King, jr. stod i bresjen for ein boikott av det lokale busselskapet. Dette la grunnlaget for den leiande posisjonen King fekk i borgarrettsrørsla og for oppslutninga om hans Ghandi-inspirerte strategi – fredeleg sivil ulydigheit. Ein kvinneleg afrikansk-amerikansk aktivist, Rosa Parks, fekk òg ei sentral rolle og har sidan hatt ein heltestatus i historia til rørsla.

Ein annan viktig aksjon handla om å avskaffe segregering i skulesystemet i Little Rock i Arkansas i 1957. Begge desse aksjonane lyktast. Den første førte til at busselskapet endra praksis og den siste til opptak av afrikansk-amerikanske elevar til «kvite» skular i delstaten.

Politisk inngripen

Under aksjonen i Little Rock kom president Dwight Eisenhower (1953–1961) for første gongen på banen i kampen mot segregering. Han brukte amerikanske soldatar for å tvinge lokale styresmakter til å endre opptakskriteria i tråd med høgsterettsdommen, og dermed sende eit utvitydig signal til sørstatane om at han var villig til å bruke makt for å få gjennomført intensjonen ved høgsterettsdommen.

I takt med den aukande aktivismen frå borgarrettsrørsla i sørstatane kom det frå slutten av 1950-talet nye lover og eit mykje sterkare engasjementet frå presidenthald mot segregering og andre former for rasediskriminering.

President John F. Kennedy 1961–1963 og etterfølgjaren Lyndon B. Johnson (1963–1969) stod bak ei rekkje reformer. Borgarrettslova (1964) og Røysterettslova (1965), saman med etablering av ei eiga avdeling i Justisdepartementet for å effektivisere lovgivinga, sette fart i reformarbeidet.

Uro og radikalisering

Borgarrettsrørsla ebba ut midt på 1960-talet då gettoane i storbyane i nord vart råka av opptøyar. Den første og mest kjente uroa fann stad i Watts i Los Angeles i 1965.

Suksessen til borgarrettsrørsla, men også den brutale mottakinga rørsla fekk i sørstatane, inspirerte og radikaliserte ein yngre generasjon radikale afrikansk-amerikanske aktivistar. Trass i klare motsetningar mellom King og de meir militante aksjonistane, er det også snakk om kontinuitet.

Den nye svartmaktrørsla som vaks fram i kjølvatnet til opptøyane var med på å forlenge afrikansk-amerikanaranes kollektive protest mot rasisme.

Først på 1970-talet slokna borgarrettsrørsla blant afrikansk-amerikanarar som då var på veg inn i rutinepolitikken, lokalt og nasjonalt. Seinare har nye bølger av afrikansk-amerikansk aktivisme oppstått, mellom anna Black Power og opprør mot politivald mot svarte, både i 1990-åra og på 2010-tallet (Black lives matter).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg