Hopp til innhold
X
Innhald

Charta-77

Charta-77 er namnet på eit manifest som 241 tsjekkiske borgarar skreiv under 1. januar 1977. Manifestet var stila til den øvste makta i Tsjekkoslovakia, det sa seg tilfreds med at landet var tilslutta dei internasjonale menneskerettstraktatane og Helsinkiavtalen av 1975, men peika samstundes på ei rekkje innanrikske tilhøve som streid mot desse prinsippa.
Både dei som opphavleg skreiv under på Charta-77, og dei som seinare slutta seg til manifestet, vart utsette for forfølging. Manifestet fekk brei internasjonal aksept. Dei som skreiv under Charta-77, spelte ei sentral rolle i den fredelege revolusjonen hausten 1989.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014