Hopp til innhold
X
Innhald

Gaullisme

Gaullisme er ei fransk politisk retning som vil føre ideane til Charles de Gaulle om ein nasjonal politikk og ei sterk presidentmakt vidare. Retninga vart opphavleg organisert av de Gaulle i perioden 1947–53 som Rassemblement du Peuple Français (RPF). I 1967 fekk retninga namnet Démocrates pour la Cinquième République.
 
I 1976 vart namnet endra endå ein gong til Rassemblement pour la République (RPR) med Jacques Chirac som leiar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 24.01.2014