Hopp til innhold
X
Innhald

Golfkrigen

Golfkrigen er namnet på to krigar i Midt-Austen. Den første krigen var mellom Iran og Irak frå september 1980 til august 1988, delvis på grunn av usemje om grensedraginga ved den økonomisk og strategisk viktige vassvegen Shatt-al-Arab. På begge sider vart det sett inn store troppestyrkar i masseslag, og svært mange soldatar vart drepne. Reknar ein med dei omfattande sivile tapa, gjekk opp mot 1 million menneskeliv tapt. Denne krigen er ein av dei få der giftgass har vore nytta. Hemmelege amerikanske våpenleveransar til Iran leidde til Iran-Contras-saka.
Den andre krigen var mellom Irak og ein internasjonal allianse leidd av USA i januar–februar 1991. Etter at Irak hadde okkupert Kuwait 2. august 1998, gav tryggingsrådet i FN fullmakt til å brukte makt for å opprette sjølvstendet i landet på nytt. Natta til 17. januar 1991 innleidde dei allierte eit massivt flyåtak mot irakiske mål, og 24. februar gjekk store troppestyrkar over grensa til Kuwait og Irak.
Våpenkvila kom 28. februar etter at dei irakiske styrkane i og rundt Kuwait var nedkjempa. Ein reknar med at mellom 8 000 og 10 000 irakiske liv gjekk tapt under krigen, medan dei allierte miste om lag 300 soldatar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 24.01.2014