Hopp til innhold
X
Innhald

Langfredagsavtalen

Langfredagsavtalen er namnet på avtalen som vart inngått langfredag 10. april 1998 mellom regjeringane i Storbritannia og Irland om ei politisk løysing for konflikten i Nord-Irland, mellom anna gjennom opprettinga av ei valt folkeforsamling, Northern Ireland Assembly, med lovgivande og utøvande mynde.
I mai same året stemte 71 prosent av folket for avtalen i ei folkerøysting. Trass i seinare tilbakeslag er Langfredagsavtalen grunnlaget for fredsprosessen i Nord-Irland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 03.04.2014