Hopp til innhold
X
Innhald

Maoismen

Maoismen er namnet på tenkinga til den kinesiske statsleiaren Mao Zedong, den utviklinga av marxismen-leninismen som han stod for. Nemninga vert òg brukt om det samfunnssystemet som voks fram i Kina under Mao. Maoismen ser dialektikk, motsetnader, i alle ting, òg i det sosialistiske samfunnet. Klassekampen held òg fram etter revolusjonen. Retninga legg vekt på å revolusjonere ideologi, politikk og kultur i samfunnet. Maoismen legg vekt på revolusjon i den tredje verda som ei hovudkraft i kampen mot imperialismen.
I likskap med stalinismen i Sovjetunionen var maoismen i Kina basert på storstilt bruk av vald. Etter at Mao døydde, vart maoismen forlaten som grunnlag særleg for den økonomiske politikken. I ei rekkje land har maoismen vore ein ideologisk basis for politiske grupper og opprørsrørsler.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 03.04.2014