Hopp til innhold
X
Innhald

Mødrene på Maiplassen

Mødrene på Maiplassen var kvinner i Argentina som kvar veke frå 1977 gjennomførte demonstrasjonar på Maiplassen, Plaza de Mayo, utanfor presidentpalasset i Buenos Aires.
 
Kvinnene kravde ei oppklaring av lagnaden til dei såkalla desaparecidos, det vil seie dei som forsvann under militærdiktaturet. Mellom 13 000 og 15 000 menneske vart drepne under "den skitne krigen".
 

Mødrene på Maiplassen i Buenos Aires. Foto: Paula, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014