Hopp til innhold
X
Innhald

Presidentvalet i USA

Valsystemet i USA vert rekna som eit av dei mest kompliserte i verda. Det er ein lang veg å gå for å bli president i USA og valsystemet er indirekte.

Presidenten er den utøvande makta i USA. Vedkomande er regjeringssjef, statssjef og øvstkommanderande for dei amerikanske styrkane. Presidenten og visepresidenten vert valde for fire år og kan stille til attval ein gong. Begge to kan berre avsetjast ved riksrett. Kandidatar må vere minst 35 år gamle, vere fødde i USA og ha budd i USA dei siste 14 åra.
USA har 50 delstatar. Valet vert gjennomført i alle delstatane tysdag etter den første måndagen i november. Då vert både president og visepresident valde. Det første presidentvalet vart gjennomført i 1789.
Seks av ti røyster
Amerikanske statsborgarar over atten år har røysterett ved valet. I alle statar unnateke Nord-Dakota må borgarane vere registrerte for å kunne røyste. Kvinner fekk røysterett ved presidentvalet i 1920. Tidlegare hadde kvinner berre hatt røysterett i somme statar. USA har aldri hatt ei kvinne som president.

Svarte menn fekk røysterett ved den 15. grunnlovastillegget, som vart ratifisert i 1870. Men likevel gjorde lovgiving at svarte vart hindra i å røyste i fleire tiår, særleg i statane Missisippi og Alabama. Få svarte røysta der til og med så seint som i 1964. Lova Voting Rights Act i 1965 under president Lyndon B. Johnson, gjorde at dei føderale styresmaktene skulle kontrollere vala framover. Difor røysta langt fleire afro-amerikanarar i desse statane i 1968.

I seinare tiår har noko under 60 prosent røysta. I 2008 hadde USA 231 millionar innbyggjarar over 18 år. 133 millionar eller 57 prosent røysta ved presidentvalet det året, og Barack Obama fekk vel 69 millionar av røystene.
Berre i to statar får innsette i fengsel røyste. I fleire statar fører dom for grov kriminalitet automatisk til at den dømde mistar røysteretten på livstid. I dei fleste delstatane kan innbyggjarar som er dømde for kriminalitet, miste røysteretten for ei tid eller for alltid.
Indirekte val
For å verte presidentkandidat for eit parti må kandidaten få flest røyster under landsmøtet eller konventet, i USA kalla convention, i det aktuelle i partiet. Utsendingane vert peika ut gjennom primærval i delstatane eller på lukka politiske møte kalla caucus. I partiet Demokratane er 20 prosent av delegatane til landsmøtet såkalla superdelegatar. Det vil seie at dei sjølve avgjer kven dei vil røyste på som presidentkandidat. Superdelegatane er dermed ikkje bundne av valresultatet i den delstaten dei høyrer til.
Presidentvalet er eit indirekte val. Det er dei enkelte delstatane som røystar fram presidenten. Veljarane røystar i praksis på presidentkandidaten, og den som får flest røyster i ein delstat, får alle valmennene frå denne delstaten. Talet på valmenn er basert på kor mange innbyggjarar delstaten har, og tilsvarar talet på representantar delstaten har til Representanthuset og senatorar til Senatet.

Kvart tiande år er det folketeljing i USA (seinast i 2012) og talet på valmenn vert påverka av dette. Sørstatane har vorte gradvis viktigare. Texas har fått fire nye valmenn sidan 2008, medan statar i nord, som New York og Pennsylvania har mista valmenn dei siste tiåra.
Valmennene er peika ut på førehand, og det er desse valmennene som formelt vel presidenten gjennom valmøte i sin delstat. Å vinne ein delstat inneber at presidentkandidaten får alle valmannsrøystene frå denne delstaten.
Dei mest folkerike delstatane har flest valmenn. California har flest med 55 valmenn. Dei minst folkerike statane har tre valmenn kvar, og i tillegg har hovudstaden Washington D.C. tre valmenn. Til saman har USA 538 valmenn, og den presidentkandidaten som får 270 valmenn, vert dermed president.
Nokre av delstatane er meir avgjerande enn andre og vert kalla vippestatar. I vippestatane er det jamt mellom presidentkandidatane før valet, og resultatet i ein viktig vippestat kan vere nok til å avgjere heile valet. Kva som er vippestatar, varierer frå valår til valår. I 2012 er Florida den største vippestaten med 29 valmenn.

Visepresidentkandidaten vert formelt vald av landsmøta i partia, men i praksis er det presidentkandidaten som peikar ut visepresidentkandidaten.
Presidenten vert innsett i embetet ved ein seremoni i Washington D.C. 20. januar året etter valet, på Inauguration Day.

Sjå video frå 2012 frå NRK Skole "Slik velges presidenten i USA":

Kjelder
Den norske ambassaden i Washington DC: «Iowa 3. januar: Startskuddet for presidentvalgåret 2012», publisert 21.12.2011, http://blogg.regjeringen.no/norgeiverden/washington/2011/12/21/iowa-3-januar-startskuddet-for-presidentvalgaret-2012/ [lesedato 9.11.2012]
Den norske ambassaden i Washington DC: « Status – vippestater», publisert 28.8.2012, http://blogg.regjeringen.no/norgeiverden/washington/2012/08/28/status-vippestater/ [lesedato 9.11.2012]

The Economist: «How America really chooses its president », publisert 9.5.2012, http://www.economist.com/blogs/graphicdetail/2012/05/daily-chart-5 [lesedato 9.11.2012]
Kristian Elster: «Slik velges republikanernes presidentkanditat», nrk.no, publisert 10.1.2012, http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.7945935 [lesedato 9.11.2012]
Kristin Straumsheim Grønli: «Det amerikanske presidentvalget», Forskning.no, publisert 30.3.2004, http://www.forskning.no/artikler/2004/mars/1080561991.74 [lesedato 9.11.2012]
Susan Page: «Swing states», USA Today, sist oppdatert 6.5.2012, http://usatoday30.usatoday.com/news/politics/story/2012-05-04/swing-states-poll-obama-romney/54794106/1 [lesedato 9.11.2012]
The White House: «Elections & Voting», http://www.whitehouse.gov/our-government/elections-and-voting, [lesedato 9.11.2012]
Don Thompson: «Prisoner voting rights in California», Huffington post, publisert 7.3.2012, http://www.huffingtonpost.com/2012/03/07/prisoner-voting-rights-california_n_1327457.html [lesedato 9.11.2012]
Pål Unanue-Zahl: «Valgsystemet i USA», VG.no, sist oppdatert, 3.11.2004, http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=252812 [lesedato 9.11.2012]
U.S Census Bureau, diverse statistikk frå tidlegare presidentval, publisert 1.10.2007, http://www.census.gov/newsroom/releases/archives/facts_for_features_special_editions/cb07-ffse05.html [lesedato 9.11.2012]

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 04.11.2016