Hopp til innhold
X
Innhald

NAFTA

NAFTA er ei forkorting for North American Free Trade Agreement, ein handelsavtale mellom USA, Canada og Mexico som vart inngått i 1992 og sett i kraft i 1994. Avtalen inneber at innførselstoll er fjerna for dei fleste vareslag, og tek sikte på å fjerne andre hinder for flyten av varer og tenester mellom deltakarlanda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014