Fidel Castro
Fidel Castro
Fidel Castro, tidlegare president for Cuba. Castro innførte eit kommunistisk styresett som har vart fram til vår tid.
Vladimir Putin
Vladimir Putin
Vladimir Putin er KGB-offiseren som blei Russlands populære og kontroversielle president, med eit djupt ønske om å gjere landet til ei stormakt på ny.
Donald Trump
Donald Trump
Donald Trump, president i USA og forretningsmann og eigedomsutviklar.
Justin Trudeau
Justin Trudeau
Justin Trudeau er statsminister i Canada og leiar av det liberale partiet. Optimismen han tok med seg inn i partiet då han blei partileiar i 2013, sikra dei liberale valsiger ved parlamentsvalet i 2015.
David Cameron
David Cameron
David William Donald Cameron, tidlegare statsminister i Storbritannia. Han var leiar for det konservative partiet, toryane, frå 2005 til 2016 og var statsminister frå 2010 til 2016. Han forrekna seg med ein plan for å skape ro i det konservative partiet. Planen, folkerøystinga om EU, førte Storbritannia ut av EU.
Theresa May
Theresa May
Theresa Mary May er britisk politikar, medlem av Parlamentet sidan 1997 og statsminister 2016–2019. Som statsminister hadde ho hovudansvaret for brexit-forhandlingane.
Rosa Luxemburg
Rosa Luxemburg
Rosa Luxemburg, polsk-tysk leiarfigur på venstresida i den europeiske arbeidarrørsla på byrjinga av 1900-talet.
Benito Mussolini
Benito Mussolini
Benito Mussolini var med på å starte den fascistiske rørsla. Frå 1925 tok fascistane all makt i Italia, med Mussolini som autoritær leiar. I 1940 førte han landet inn i andre verdskrigen på tysk side.
Winston Churchill
Winston Churchill
Winston Churchill (1874–1965), legendarisk britisk statsminister, nobelprisvinnar i litteratur og saman med Franklin D. Roosevelt og Josef Stalin ein av dei tre statsleiarane som dikterte fredsløysinga etter andre verdskrigen.
Mette Frederiksen
Mette Frederiksen
Mette Frederiksen, samfunnsvitar, partileiar for partiet Socialdemokratiet og den yngste danske statsministeren nokon gong.
Benjamin Netanyahu
Benjamin Netanyahu
Benjamin «Bibi» Netanyahu, israelsk politikar, leiar for høgrepartiet Likud og frå sommaren 2019 Israels lengstsitjande statsminister.
Lars Løkke Rasmussen
Lars Løkke Rasmussen
Lars Løkke Rasmussen, jurist og folketingspolitikar for Venstre i Danmark i ei årrekkje. Han har vore minister, partileiar og statsminister i Danmark.
Abiy Ahmed Ali
Abiy Ahmed Ali
Abiy Ahmed Ali er statsminister i Etiopia. I 2019 fekk han Nobels fredspris for innsatsen sin for fred og forsoning på Afrikas horn.
Sanna Marin
Sanna Marin
Sanna Mirella Marin, statsvitar og politikar i Finlands sosialdemokratiske parti. Ho er den yngste sitjande statsministeren i verda.
Sauli Niinistö
Sauli Niinistö
Sauli Väinämö Niinistö, jurist, politikar, tidlegare leiar av det finske konservative partiet Samlingspartiet. Han har vore president i Finland sidan 2012 og er den første konservative presidenten sidan 1956.
Antti Juhani Rinne
Antti Juhani Rinne
Antti Juhani Rinne, jurist, fagforeiningsleiar, politikar, leiar av det sosialdemokratiske partiet i Finland, Socialdemokraterna, og statsminister i Finland frå 6. juni til 3. desember 2019.
Guðni Jóhannesson
Guðni Jóhannesson
Guðni Thorlacius Jóhannesson, språkmektig historikar, professor ved Universitetet på Island og president på Island sidan 2016.
Eva Joly
Eva Joly
Eva Joly, norsk-fransk jurist og politikar. I 1990-åra spesialiserte ho seg som etterforskar i store korrupsjonssaker og fekk tilnamnet korrupsjonsjegeren.
António de Oliveira Salazar
António de Oliveira Salazar
António de Oliveira Salazar var statsminister i Portugal frå 1932 til 1968. Han styrte landet som eit nasjonalistisk diktatur med støtte frå den katolske kyrkja.
Katrín Jakobsdóttir
Katrín Jakobsdóttir
Katrín Jakobsdóttir, politikar på Alltinget, leiar av partiet Vinstrihreyfingin – grænt framboð (Venstrerørsla – dei grøne) og statsminister på Island sidan 2017.
Boris Johnson
Boris Johnson
Alexander Boris de Pfeffel Johnson er ein konservativ britisk politikar, journalist og forfattar. Han er tidlegare London-ordførar og utanriksminister, og sidan 2019 statsminister.
Nadia Murad
Nadia Murad
Nadia Murad er menneskerettsaktivist, FN-ambassadør og forfattar. Ho er ei viktig stemme i formidlinga av, og kampen mot, overgrep og folkemord. I 2018 vart innsatsen hennar heidra med Nobels fredspris.
Emmanuel Macron
Emmanuel Macron
Emmanuel Jean-Michel Frédéric Macron er ein fransk politikar som blei vald til president i Frankrike 7. mai 2017. Før valet danna han sitt eige parti og presenterte seg for veljarane som ein ny type politikar, som ville modernisere fransk økonomi, skape arbeidsplassar for dei unge og gi Frankrike ein tydelegare plass i EU og i internasjonal politikk elles. Han blei møtt med stor begeistring, og mange såg på han som ein ny Napoleon.
Nelson Mandela
Nelson Mandela
Jimmie Åkesson
Jimmie Åkesson
Jimmie Åkesson er den mest omstridde og framgangsrike politikaren i Sverige dei siste ti åra. Med Åkesson som partileiar har det høgrepopulistiske partiet Sverigedemokraterna vorte eit av dei største i svensk politikk.
Ulf Kristersson
Ulf Kristersson
Ulf Kristersson er ein svensk konservativ politikar og siviløkonom. Han er partileiar for Moderaterna, det største borgarlege partiet i Sverige.
Stefan Löfven
Stefan Löfven
Stefan Löfven er ein svensk sosialdemokratisk politikar, statsminister sidan 2014. Som tidlegare fosterbarn, sveisar og fagforeiningsmann er han omtalt som personifiseringa av det svenske sosialdemokratiet.
Marine Le Pen
Marine Le Pen
Marion Anne Perrine Le Pen, kjend som Marine Le Pen, er ein fransk politikar. Ho er president i det høgrenasjonale partiet Front National (FN) og medlem av EU-parlamentet. I 2017 er ho den leiande kandidaten på høgresida ved valet til president i Frankrike.
Angela Merkel
Angela Merkel
Angela Merkel er tysk politikar. Sidan 2000 har ho vore leiar for det tyske høgrepartiet, CDU (Den kristeleg-demokratiske unionen) og frå 2005 har ho vore forbundskanslar i Tyskland med tre ulike regjeringar.
Hillary Clinton
Hillary Clinton
Hillary Clinton er ein amerikansk jurist og politikar. Ho var demokratane sin kandidat ved presidentvalet i USA i 2016, men tapte for Donald Trump.