Hopp til innhold
António de Oliveira Salazar. Fotografert av Estúdio Mário Novais tidleg på 1940-talet. Kjelde: Biblioteca de Arte / Art Library Fundação Calouste Gulbenkian, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
António de Oliveira Salazar. Fotografert av Estúdio Mário Novais tidleg på 1940-talet. Kjelde: Biblioteca de Arte / Art Library Fundação Calouste Gulbenkian, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
X
Innhald

António de Oliveira Salazar

António de Oliveira Salazar var statsminister i Portugal frå 1932 til 1968. Han styrte landet som eit nasjonalistisk diktatur med støtte frå den katolske kyrkja, og med kommunismen som den fremste fienden.

António de Oliveira Salazar var fødd 28. april 1889 i Santa Comba Dão i Portugal, og døydde 27. juli 1970. Han var son av ein mindre landeigar og tok utdanning først ved eit presteseminar, seinare ved Universitetet i Coimbra. Han spesialiserte seg innanfor økonomisk politikk og oppnådde svært gode karakterar. Dette opna vegen for ein akademisk karriere, og Salazar vart tilsett som professor ved universitetet, der han etter kvart tok doktorgraden.

Ved ein revolusjon i 1910 vart kongedømet i Portugal avskaffa og den første republikken innført. Dei nye statsleiarane var anti-kyrkjelege og stod i sterk motsetning til den dominerande katolske kyrkja. Republikken var prega av politisk og økonomisk kaos, med raskt skiftande regjeringar, politiske attentat og kraftig inflasjon, og enda med eit militærkupp i 1926. Denne perioden sette sterkt preg på Salazar sitt politiske syn, og han enda opp med å ta avstand frå demokrati, liberalisme, sosialisme og kommunisme.

I 1928 vart Salazar finansminister, og fire år seinare vart han forfremja til statsminister. Han stod sentralt i utforminga av «Estado Novo» («ny stat»), som var inspirert av utviklinga i Italia, der korporativismen stod sentralt. Det vil seie at politikken skulle styrast gjennom næringsorganisasjonar og yrkesgrupper framfor gjennom demokratiske val. Salazar støtta Franco, generalen som leidde nasjonalistane mot den republikanske venstresida under den spanske borgarkrigen. Liksom Franco i Spania, heldt Salazar Portugal nøytralt under andre verdskrigen.

Etter 1945 heldt Salazar fram med å styre Portugal som eit autoritært diktatur. Landet opplevde aukande økonomisk vekst, men leid samtidig av manglande utvikling på grunn av låg satsing på utdanning og langvarige krigar for å halde på koloniane i Afrika. I 1968 vart Salazar ramma av hjernebløding og vart avsett som statsminister. To år seinare døydde han. Militærstyret etter Salazar vart styrta under den såkalla «nellikrevolusjonen» i 1974, og to år seinare fekk Portugal eit demokratisk styresett.

 

Kjelder

Finn Fuglestad: Spanias og Portugals historie. En oversikt. Oslo 2009

Hugh Kay: Salazar and Modern Portugal. New York 1970

Filipe Ribeiro de Meneses: Salazar. A Political Biography. New York 2009

 

Peikarar

LisbonLisboaPortugal: «Antonio de Oliveira Salazar», lisbonlisboaportugal.com

Alden Whitman: «Antonio Salazar: A Quiet Autocrat Who Held Power in Portugal for 40 Years», New York Times 28.7.1970, nytimes.com

Først publisert: 03.11.2020
Sist oppdatert: 03.11.2020