Faktaboks

Antti Rinne
Fødd
3. november 1962, Helsingfors, Finland
Antti Rinne.
Antti Rinne.
Av /NTB.

Antti Rinne er ein finsk jurist, fagforeiningsleiar og politikar. Han var leiar av det sosialdemokratiske partiet i Finland 2014–2020 og statsminister i Finland frå 6. juni til 3. desember 2019.

Bakgrunn og karriere

Antti Juhani Rinne vart fødd i Helsingfors og vaks opp i Lovisa på den finske sørkysten. Han er utdanna jurist frå universitetet i Helsingfors i 1987. Han arbeidde frå 1987 som jurist i bil- og transportbransjens arbeidsforbund, deretter i eige advokatfirma 1996–2001 og som riksdagsassistent 1997–1998. I perioden 2002–2014 var han fagforeiningsleiar, mellom anna i den finske tenestemannsforbundet og i det finske fagforbundet.

Politisk karriere

Rinne var rådmann i Lojo i 1988–1992 og medlem av kommunestyret i Mäntsälä 1996–2004 og frå 2013. Han blei vald til leiar av Socialdemokraterna i 2014 og var finansminister og visestatsminister 2014–2015.

I 2015 blei han vald inn i riksdagen. Etter valet i 2019 tok han, etter lange forhandlingar, over som statsminister for Socialdemokraterna i ei raudgrøn koalisjonsregjering, beståande av Socialdemokraterna, Gröna Förbundet, Centerpartiet, Vänsterförbundet og Svenska Folkpartiet. Socialdemokraterna fekk 17,7 prosent av røystene, og Rinne blei den første sosialdemokratiske statsministeren i Finland på 16 år. Fleirtalet av medlemmane i regjeringa hans var kvinner.

Antti Rinne fekk kritikk i media under valkampen før riksdagsvalet i 2019, etter fleire kontroversielle utspel om skatt på kjøt og bilar, men viste seg å vere ein framifrå forhandlar etter at valresultatet var klart. Han er løysingsorientert etter mange år som fagforeiningsleiar, målbevisst og kunnskapsrik, men trekte seg etter at regjeringspartnaren Centerpartiet kravde at han måtte gå av på grunn av handteringa hans av ei konflikt i postverket. Sanna Marin tok då over som statsminister. Ho tok også over som partileiar etter Rinne i 2020.

Rinne vart i desember 2019 vald som visepresident i Riksdagen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg