Hopp til innhold
X
Innhald

Benjamin Netanyahu

Benjamin «Bibi» Netanyahu, israelsk politikar, leiar for høgrepartiet Likud og frå sommaren 2019 Israels lengstsitjande statsminister.

Benjamin Netanyahu er fødd 21. oktober 1949 i Tel Aviv i Israel. Han er den første israelske statsleiaren som er fødd i staten Israel, men i store delar av oppveksten og sitt tidlege liv budde han i USA.

Netanyahu har ein bachelorgrad i arkitektur (1975) og ein mastergrad i bedriftsleiing (1976), begge frå Massachusetts Institute of Technology (MIT) i USA. I 1980-åra gav han opp den amerikanske statsborgarskapen sin og gjekk inn i det israelske diplomatiet, som utsending først til USA og så FN. I denne tida redigerte han fleire bøker på engelsk om antiterrorisme.

Etter den diplomatiske karrieren i Washington D.C. og New York vende den då 39-årige Netanyahu heim til Israel i 1988 og byrja den politiske karrieren sin, først som Knesset-medlem for det sekulære høgrepartiet Likud, og sidan som leiar og statsministerkandidat for partiet. Han var statsminister i perioden 1996–99 og så frå 2009 til i dag, som regel i samlingsregjeringar med parti frå ytre høgre. Frå 2003 til 2005 var han finansminister. Han har òg hatt andre ministerpostar samstundes med statsministerposten.

Netanyahu, i likskap med faren Benzion og partiet Likud, står i tradisjonen revisjonistisk sionisme, der motstand mot ei tostatsløysing og rettar for palestinarar har stått sterkt. Han har bygd den politiske karrieren sin på framhald av status quo i Israel–Palestina-konflikten, kombinert med bygging av diplomatiske alliansar med sunnimuslimske land og solid økonomisk vekst. Medgangen er òg basert på påverknadskrafta hans i USA, Israel sin viktigaste allierte, og den høge stjerna han har i høgremiljøa der.

Netanyahu har ein godhug for luksus og privilegium, ofte i gråsona for kva som er lov for ein statleg tilsett. Israelske medium har han derimot ingen godhug for, og mediestrategien hans har òg kome på kant med lova. Alvorlege korrupsjonssaker har hengt over han i over 20 år, og fleire av dei nære medarbeidarane hans har vorte dømde. Netanyahu sine svar på desse skuldingane – seinast å arbeide for immunitet – har vorte skulda for å undergrave demokratiet i Israel.

Koalisjonen hans vann parlamentsvalet i april 2019, men Netanyahu makta ikkje å danne regjering innan fristen. For å unngå å gi mandatet over til opposisjonen skreiv han ut nyval 29. mai 2019. Valet vart halde 17. september 2019. Dette var første gong Israel heldt to parlamentsval innanfor det same året.

Netanyahu taler under den 64. generalforsamlinga i FN 24.9.2009. Foto Marco Castro. United Nations Photo, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.jpg?w=600

Netanyahu taler under den 64. generalforsamlinga i FN 24. september 2009. Foto: Marco Castro. Kjelde: United Nations Photo på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Familiebakgrunn og tidleg liv

Far til Benjamin Netanyahu, polskfødde Benzion Netanyahu, var ein framståande sionist og historieprofessor, som hadde følgt faren sin til Palestinamandatet i 1920. Mor hans, Tzila Segal, var ei velutdanna og ressurssterk kvinne som likevel vart heimeverande etter at ho i 1944 gifta seg med Benzion i New York. Etter andre verdskrigen og fødselen av eldsteson Yonathan drog dei to til den nyoppretta staten Israel, der dei fekk to søner til, Benjamin og Iddo.

I periodane 1956–1958 og 1963–1967 budde familien i Philadelphia i USA. Etter artium og like før seksdagarskrigen braut ut i 1967, returnerte Benjamin utan foreldra. Etter krigen, som hadde gitt Israel herredøme over Vestbreidda, Aust-Jerusalem, Gazastripa, Golanhøgdene og Sinaihalvøya, trong det israelske militæret å styrkje seg. Benjamin, på si side, var styrkt i motivasjonen om å tene landet. Han fekk raskt innpass i den topphemmelege elitestyrken Sayeret Matkal, der han tente i fem år. Men i staden for ein karriere i det israelske militæret, som storebroren Yonathan, valde Benjamin etter kvart å ta høgare utdanning.

I 1972 drog han igjen til USA, denne gongen til Massachusetts. Disiplinen han hadde opparbeidd i dei føregåande åra gjorde at han fullførte ein 4‑årig bachelorgrad i arkitektur på to år – trass i at han vende attende til Israel for å kjempe i Yom Kippur-krigen i 1973. Han rakk òg å vere politisk aktiv, i ei tid då USA segla fram som Israel sin fremste allierte, og støtta til Israel meir og meir kom frå høgresida i staden for venstresida.

I 1976, då Netanyahu nyleg hadde fullført ein mastergrad i bedriftsleiing ved MIT, vart storebroren Yonathan drepen. Som øvstkommanderande i Sayeret Matkal, elitestyrken som Benjamin sjølv hadde vore del av, hadde Yonathan leidd ein operasjon i Uganda for å redde israelske gislar etter ei flykapring. Operasjonen lykkast. Yonathan, som einaste drepne israelske soldat, vart (og er framleis) ein nasjonal helt.

Benjamin bidrog sjølv til mytespinninga rundt broren, som han alltid hadde sett opp til. Etter to år i eit prestisjetungt konsulentselskap i Boston, vende han i 1978 heim og hjelpte til med å opprette eit antiterror-institutt til minne om broren, som òg resulterte i bokutgivingar. Gjennom dette arbeidet byrja han dessutan for alvor å knyte politiske kontaktar heime i Israel.

I 1977 hadde Israel fått si første høgreregjering, leidd av Menachem Begin frå Likud. I 1982 starta den diplomatiske karrieren til Netanyahu då han av denne regjeringa vart peika ut til viseambassadør til USA. Det var PR‑eigenskapane som var avgjerande i valet av unge Netanyahu, som verken hadde diplomatisk utdanning eller erfaring.

Som FN‑ambassadør frå 1984 til 1988 heldt han fram med å polere mediebiletet til både Israel og seg sjølv, og han byrja for alvor å gjere seg klar for ein politisk karriere – med statsministerposten som endeleg mål.

Utenriksminister Brende møtte Israels statsminister Netanyahu i Jerusalem 8. januar 2015. UD, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.jpg?w=600

Dåverande utanriksminister Børge Brende møtte Israels statsminister Benjamin Netanyahu i Jerusalem 8. januar 2015. Foto: Kristin Enstad / Utanriksdepartementet. Kjelde: UD på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Politisk verksemd

I valåret 1988 vende den no 39 år gamle Netanyahu på nytt tilbake til Israel, denne gongen for godt. Han melde seg inn i Likud og vart vald inn i Knesset. Han tente som statssekretær i utanriksdepartementet og så på statsministerkontoret, og då Likud tapte det neste valet i 1992, vart han vald som ny leiar for partiet.

Dei neste tre åra var prega av eit gjennombrot i fredsprosessen mellom Israel og palestinarane – Oslo-avtalane. Avtalane vart motarbeidde, mellom anna med vald, av radikale miljø på begge sider, og i kaoset som følgde, greidde Netanyahu ved valet i 1996 å vinne over Shimon Peres frå Arbeidarpartiet – mannen som hadde peika han ut som FN‑ambassadør 12 år tidlegare.

Netanyahu si første regjering, frå 1996 til 1999, var ein fadese. Han var tvinga til å følgje opp Oslo-prosessen, men hadde lova støttespelarane sine på ytre høgre å stikke kjeppar i hjulet for prosessen. Resultatet var at ingen vart nøgde – verken opposisjonen eller haukane, og heller ikkje forhandlingspartnarane Bill Clinton og Yasser Arafat. I tillegg sleit han med splid innanfor regjeringa og den første korrupsjonssaka mot seg. Etter to og eit halvt år skreiv han ut nyval. Netanyahu tapte valet, gjekk av som partileiar og trekte seg frå Knesset. Han tilrådde den aldrande og lite populære Ariel Sharon som ny partileiar, med plan om ei rask tilbakevending.

Sharon viste seg meir populær enn Netanyahu hadde rekna med. Han vann statsministervalet i 2001, makta å samarbeide med Arbeidarpartiet i ei samlingsregjering og vann så lovforsamlingsvalet i 2003. Men han vart motarbeidd i sitt eige parti. Netanyahu, som hadde sete som finansminister i Sharons regjering, trekte seg i protest mot Gaza-tilbaketrekkinga i 2005.

Då Sharon braut ut frå Likud same året og stifta det nye sentrumspartiet Kadima, opna vegen mot statsministerposten seg igjen for Netanyahu. Kadima vann valet i 2006, men utan Sharon, som hadde falle i koma, og dei sleit dessutan – som Netanyahu før dei – med korrupsjon og intern strid i samlingsregjeringa. I 2009 vart det difor skrive ut nyval.

Likud tapte for Kadima også i 2009, men med støtte frå det reduserte og no føyelege Arbeidarpartiet var det Netanyahu som stifta regjering. I dei neste to vala greidde han seg utan Arbeidarpartiet og leidde samlingsregjeringar med religiøse og sekulære småparti frå ytre høgre.

Vala i 2019

Valet i april 2019 vart sett på av både tilhengjarar og motstandarar som ein folkeavrøysting for eller imot «kong Bibi», som han no vart kalla. At Israel trass alt har eit parlamentarisk system (og ikkje eit presidentsystem), vart demonstrert då Netanyahu først vart utropt som vinnar, men så mislukkast i regjeringsforhandlingane med støttepartia. For å hindre opposisjonen i å danne regjering, skreiv Netanyahu ut nyval like før fristen for regjeringsforhandlingane gjekk ut. Valet vart halde 17. september 2019.

Netanyahu står no i fare for å verte innhenta av korrupsjonssakene mot seg. Han har i alle år greidd å unngå tiltale frå statsadvokaten, men dét endra seg i februar 2019. Då gjorde statsadvokaten det kjent at det er planlagt påtale i tre ulike saker, som alle gjeld bedrageri og underslag. Immunitet er no Netanyahus siste utveg. Støttespelarane hans planlegg å innføre ei lovgiving som gir statsministeren immunitet, og før dét ei lovgiving som skal hindre høgsterett i å underkjenne denne planlagde immunitetslova. Sjølv om Netanyahu og dei som støttar han, vinn valet i september, kjem dei ikkje i gang med denne prosessen før den nye lovforsamlinga vert teken i eid. Då er det svært uvisst om dei rekk å gjere Netanyahu immun før han vert tiltalt, noko som ein ventar vil skje tidleg i 2020.

I juli 2019 vart Netanyahu den lengstsitjande statsministeren i Israel nokon gong.

Netanyahu i USA 3.3.2015. Speaker John Boehner på flickr.com, CC BY-NC 2.0.jpg?w=600

Netanyahu taler til Kongressen i USA 3. mars 2015. Fotograf: Caleb Smith. Kjelde: Speaker John Boehner på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Politisk syn

Netanyahus ideologiske varemerke har vore ei blanding av tradisjonell revisjonistisk sionisme og meir globale «kulturkrig»-idear. Revisjonistisk sionisme er det straumdraget i israelsk politikk som opphavleg ville utvide den israelske staten til heile «Israels land» (Eretz Yisrael), og som alltid har vore imot ein palestinsk stat. I boka A Place Among the Nations frå 1993 plasserer Netanyahu denne kampen mot arabarane i ein større global og historisk kontekst (slik han ser det): konflikten mellom den liberale vestlege sivilisasjonen og illiberale krefter, anten det er kommunisme eller, som i Israels tilfelle, islamisme og pan-arabisme.

Netanyahu har halde fast ved desse grunnleggjande oppfatningane gjennom heile den politiske karrieren.

Populariteten og den politiske medgangen til Netanyahu vert av biografen Anshel Pfeffer særleg knytt til at han har motbevist narrativet om at ei løysing på Israel–Palestina-konflikten er eksistensielt nødvendig for Israel. Netanyahu har aktivt gått inn for eit framhald av status quo (som omfattar bygging av ulovlege busetjingar på okkupert jord), utan at det har gått ut over verken tryggleik, diplomatisk handlingsrom eller økonomisk utvikling – i alle fall på kort sikt.

Internasjonalt har Netanyahu vore oppteken av Iran, og han har lykkast i å flytte merksemda bort frå okkupasjonen av Palestina. Han er den første Likud-leiaren til å ta orda «palestinsk stat» i sin munn, men gir ingen konkrete forpliktingar, og utvidingar av ulovlege busetjingar held fram i det stille.

Dei reelle truslane om angrep mot Iran, som nådde eit klimaks sommaren 2012, lykkast i å styrkje dei internasjonale sanksjonane mot landet. I Donald Trump fann Netanyahu, sidan 2017, ein amerikansk president som var villig til ikkje berre å målbere krigstruslane for han, men spolere heile Iran-avtalen frå 2015. Netanyahu var aldri tilhengjar av Iran-avtalen, og det var ein stor siger for han då Trump trekte USA frå avtalen i 2017.

Den Netanyahu-venlege politikken til Trump, som òg omfattar anerkjenning av Golanhøgdene som israelsk territorium og Jerusalem som hovudstad i Israel, har oppmuntra Netanyahu til å trekkje status quo-politikken i ei meir aggressiv retning, med hint om formelle annekteringar av okkuperte territorium.

Ein annan «amerikansk» faktor i Netanyahus suksess på heimebane er den plettfrie engelsken, dei retoriske eigenskapane og dei politiske kontaktane frå tida hans i USA. Ved sida av Winston Churchill er Netanyahu den einaste utanlandske statsleiaren som har talt for den amerikanske kongressen tre gonger. Både invasjonen av Irak i 2003 og det å trekkje seg frå Iran-avtalen i 2017 skjedde etter polemiske talar frå Netanyahu om nettopp desse emna. Netanyahu si plassering av Israel i den historiske og globale konteksten nemnd ovanfor – som fortropp i ein påstått konflikt mellom sivilisasjonar – har stor appell på høgresida i USA.

Kjelder

Benjamin Netanyahu: A Durable Peace. New York 2000 (1. utg. frå 1993 har tittelen A Place Among the Nations)

Anshel Pfeffer: Bibi. New York 2018

 

David M. Halbfinger: «It's Netanyahu's Israel Now», nytimes.com, publisert 10.4.2019: https://www.nytimes.com/2019/04/10/world/middleeast/benjamin-netanyahu-israel-election.html [lesedato 10.4.2019]

Oliver Holmes: «Benjamin Netanyahu: the enduring hardman of Israeli politics», theguardian.com, publisert 12.4.2019: https://www.theguardian.com/world/2019/apr/12/benjamin-netanyahu-the-enduring-hardman-of-israeli-politics [lesedato 14.4.2019]

Chemi Shalev: «The Greatest Threat Facing Israel Isn't Iran, Hamas or Hezbollah: It's Netanyahu's Desperation», haaretz.com, publisert 21.5.2019: https://www.haaretz.com/israel-news/.premium-the-greatest-threat-facing-israel-is-netanyahu-s-desperation-1.7273027 [lesedato 23.5.2019]

Yossi Verter: «Mark Your Calendars, Netanyahu's Indictment Is Coming. Afterward, Nothing Will Be the Same», haaretz.com, publisert 24.5.2019: https://www.haaretz.com/israel-news/.premium-netanyahu-s-indictment-is-coming-when-it-does-nothing-will-be-the-same-1.7280246 [lesedato 30.5.2019]

 

Peikarar

Nettstaden til den israelske statsministerkontoret, pmo.gov.il

Twitter-kontoen til Benjamin Netanyahu, twitter.com

Først publisert: 12.09.2019
Sist oppdatert: 21.10.2019