Faktaboks

Justin Trudeau

Justin Pierre James Trudeau

Uttale

trud'å

Fødd
25. desember 1971, Ottawa
Justin Trudeau
Justin Trudeau under eit valkampmøte 17. august 2015.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Justin Trudeau er ein kanadisk politikar. Han er statsminister i Canada sidan 2015 og leiar av det liberale partiet i Canada, Liberal Party of Canada, sidan 2013.

Bakgrunn

Justin Pierre James Trudeau er fødd i Ottawa i Canada. Han er son av tidlegare statsminister Pierre Trudeau og voks difor opp i statsministerbustaden i Ottawa. Trudeau-familien høyrer til den sosiale og økonomiske eliten i Canada. Dei har skotske og franske røter. Fleire av forfedrane i faren si slekt har gjort det godt i næringslivet og fleire har hatt politisk karriere. I mora si slekt finn ein britiske adelsmenn og embetsmenn i koloniane, til dømes i Singapore.

Trudeau har ein bachelorgrad i litteratur frå McGill University i Montreal, og han har studerte pedagogikk ved University of British Columbia i Vancouver. Han har òg noko utdanning i miljøvernkunnskap. Han arbeidde som lærar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen før han gjekk inn i politikken i 2005.

Tidleg politisk karriere

Trudeau var i studietida engasjert i frivillig arbeid, både med miljøvern og i humanitære aksjonar. I 2005 blei han leiar for eit ungdomsprogram i det liberale partiet, Liberal Party of Canada, og i 2007 blei han oppmoda til å stille som kandidat til parlamentet i ein valkrins i Montreal. Trudeau vann nominasjonen, og ved parlamentsvalet i oktober 2008 blei han vald til føderalt parlamentsmedlem frå distriktet Papineau i Québec. Han blei utnemnd til talsmann for partiet i innvandringsspørsmål, og på dette feltet blei han ein skarp kritikar av den dåverande konservative regjeringa.

Partileiar og statsminister

Ved valet i 2011 gjorde det liberale partiet eit katastrofalt dårleg val. Dette førte til at partileiaren Michael Ignatieff trekte seg etter valet. Det blei ein langvarig strid om stillinga som partileiar, men til sist vart Trudeau vald som på partileiar i 2013. Med han kom optimismen attende i partiet, og ved valet i 2015 vann det liberale partiet over Stephen Harper sitt konservative parti, Conservative Party of Canada. Det liberale partiet danna då regjering under leiing av Trudeau. Valresultatet i 2015 var det nest beste i partihistoria, og Trudeau vart den nest yngste statsministeren i Canada si historie då han tok over stillinga. Halvparten av Trudeau si regjering bestod ved tiltreding av kvinner, og han kallar seg sjølv «stolt feminist».

Politisk ståstad

Trudeau står for ein moderne, pragmatisk liberal politikk. Han legg vekt på grøne verdiar, likestilling mellom menn og kvinner, samt mellom likestilling mellom urfolket i Canada og det innvandra fleirtalet. Han taler middelklassa si sak, som han meiner er under press, og vil ha skatteauke for dei rike og skattelette for middelklassa. Trass i si katolske tru står han for ein liberal abortpraksis.

Han vil òg liberalisere narkotikapolitikken og gjere cannabisbruk lovleg, men med strenge lover mot sal til mindreårige. Han vil dessutan reformere valsystemet og innføre proporsjonale val i staden for fleirtalsval i einmannskrinsar. Internasjonalt vil han halde Canada ute av konfliktområda i Midtausten og under G7-toppmøtet i TaorminaSicilia i mai 2017 tala han til fordel for frihandel.

Kritikk mot Trudeau

Sjølv om Trudeau har skapt stor entusiasme hos veljarane før og etter valet i 2015, har han sterke motstandarar i parlamentet og i pressa. Høgresida framstiller han som ein intellektuell lettvektar og ein substanslaus talar, som er meir skodespelar enn politikar.

Trudeau har mellom anna fått kritikk for ein avtale om eit omfattande våpensal til Saudi-Arabia, og for at han hylla Cuba sin tidlegare diktator Fidel Castro etter at han døydde i 2016. Han vart same år kritisert for å ha godkjent utvidinga av ei røyrleidning som bind saman petroleum frå oljesand frå Alberta med ei tankskipshamn i British Columbia.

Utgjevinger

Trudeau gav ut boka Common Ground i 2014.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Justin Trudeau: Common Ground. HarperCollins, Canada 2014
  • Paul Tuns: The Dauphin. The Truth About Justin Trudeau. Freedom Press, Canada 2015

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg