Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Løkke Rasmussen

Lars Løkke Rasmussen, jurist og folketingspolitikar for Venstre i Danmark i ei årrekkje. Han har vore minister, partileiar og statsminister i Danmark.

Lars Løkke Rasmussen er fødd 15. mai 1964 i Vejle, men voks opp i Græsted på Nord-Sjælland. Han var elev ved Helsinge Gymnasium i 1980–83 og var ferdig utdanna cand.jur. ved Universitetet i København i 1992.

Løkke Rasmussen er ein erfaren politikar og har drive med politikk i meir enn 30 år. Han var leiar i Venstres Ungdom i 1896–89, medlem av sentralstyret i Venstre i 1986–90 og kommunestyrerepresentant i Græsted-Gilleleje kommune i 1986–97. I åra 1990–95 dreiv han sjølvstendig konsulentverksemd, men i det aller meste av karrieren hans har politikk vore hovudsaka.

I 1994 blei han vald til folketingsrepresentant for Venstre og har hatt fast plass sidan. I 1998 blei han igjen medlem av sentralstyret i Venstre, var amtsborgermester (fylkesordførar) i Frederiksborg Amt i 1998–2001, nestleiar i Venstre i 1998–2009 og leiar i partiet frå 2009. Løkke Rasmussen var innanriks- og helseminister i 2001–07 og finansminister i 2007–09. Han var statsminister i 2009–11, i ein periode prega av den internasjonale finanskrisa. Regjeringskoalisjonen tapte valet i 2011, og sjølv om Venstre gjekk litt fram, måtte regjeringa gå av.

Løkke Rasmussen heldt fram som partileiar, og etter valet i 2015 var han tilbake som statsminister i ei mindretalsregjering berre med Venstre, sjølv om partiet gjorde eit dårleg val, mellom anna fordi han var innblanda i økonomiske skandalar. I 2016 danna han si tredje regjering, ei koalisjonsregjering som bestod av Venstre, Det Konservative Folkeparti og Liberal Alliance.

Etter ein uvanleg lang dansk valkamp i 2019 gjekk han av som statsminister 27. juni, og 31. august gjekk han av som Venstre-leiar etter uro i partiet. Løkke Rasmussen har vore ein både omstridd og handlekraftig politikar, med varierande popularitet hos veljarane.

Han har vore hovudarkitekten bak nokre av dei største politiske reformene i Danmark dei siste tiåra, mellom anna kommunalreforma, tilbaketrekkingsreforma, dagpengereforma og reformpakken 2020. Det danske Venstre har vore det største partiet på borgarleg side i fleire tiår og har ein mykje meir konservativ profil enn Venstre i Noreg.

Løkke Rasmussen har gitt ut to bøker, Foreningshåndbogen (1994) og Hvis jeg bli'r gammel (1997), og han har medverka i Kirsten Jacobsens Løkkeland – Lars Løkke Rasmussens Danmark (2006) og I orkanens øje – samtaler med statsminister Lars Løkke Rasmussen (2010) av Thomas Larsen.

Han var styremedlem i Nationalbankens repræsentantskab i 2011–15, styreleiar for Global Green Growth Institute i 2012–14 og styreleiar og grunnleggjar av LøkkeFonden i 2014–15. Han blei utnemnd til kommandør av Dannebrogordenen i 2003 og har òg fått den greske Føniksordenen.

Kjelder

Heimesida til Lars Løkke Rasmussen, larsloekke.dk: https://larsloekke.dk/om-lars-lokke-rasmussen.html [lesedato 26.3.2019]

Regjeringa i Danmark: «Statsminister Lars Løkke Rasmussen CV», regjeringen.dk: https://www.regeringen.dk/ministrene/statsminister-lars-loekke-rasmussen/ [lesedato 25.3.2019]

NRK: «Regjeringen i Danmark», nrk.no: https://www.nrk.no/nyheter/regjeringen-i-danmark-1.12577692 [lesedato 25.3.2019]

NTB-ritzau: «Lars Løkke Rasmussen trekker seg som partileder for Venstre», aftenposten.no, sist oppdatert 31.8.2019: https://www.aftenposten.no/verden/i/dOp1bj/lars-loekke-rasmussen-trekker-seg-som-partileder-for-venstre [lesedato 14.11.2019]

Peikarar

NRK: temaside om valet i Danmark 2019, nrk.no

Siv Sandvik: «Sju ting som skiller norsk og dansk politikk», nrk.no https://www.nrk.no/urix/sju-ting-som-skiller-norsk-og-dansk-politikk-1.12401533

Cecilie Gormsen: «Ny måling: Løkke når lavpunkt i popularitet», altinget.dk https://www.altinget.dk/artikel/ny-maaling-loekke-naar-lavpunkt-i-popularitet

Først publisert: 12.11.2019
Sist oppdatert: 31.12.2019