Hopp til innhold
 Brennande synagoge Krystallnatta 10.november 1939. Foto: www.jewishvirtuallibrary.org
Brennande synagoge Krystallnatta 10.november 1939. Foto: www.jewishvirtuallibrary.org
X
Innhald

Antisemittisme

Antisemittisme er ei nemning for rasistisk eller politisk basert jødefiendskap.

Antisemittisme er det å vere jødefiendtleg. Uttrykket vart teke i bruk i 1879 av tyskaren Wilhelm Marr. I tiåra som følgde, og i det 20. hundreåret, fekk antisemittisme stor utbreiing i politiske og intellektuelle krinsar i Europa som nemning for rasistisk eller politisk basert jødefiendskap til skilnad frå det folkelege religiøst og sosioøkonomisk baserte jødehatet.
 
Ordet i seg sjølv er misvisande, sidan semittar er personar som snakkar eit semittisk språk og høyrer til i dei semittiske kulturgruppene. Det mest utbreidde semittiske språket i dag er arabisk. Sjå jødeforfølging og rasisme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 28.09.2012