Hopp til innhold
X
Innhald

Basepolitikk

Basepolitikk er ofte brukt i samband med det sjølvpålagde forbodet som Noreg har mot utanlandske basar på norsk territorium i fredstid. I den opphavlege ordlyden frå 1949 heiter det at den norske regjeringa ikkje vil "åpne baser for fremmede makters stridskrefter på norsk territorium så lenge Norge ikke er angrepet eller utsatt for trussel om angrep".
 
I seinare presiseringar er det gjort klart at basepolitikken ikkje omfattar førehandslagring og andre førebuingar til å ta imot alliert militær støtte i ein krisesituasjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 24.01.2014