Hopp til innhold
X
Innhald

Bresjnev-doktrinen

Bresjnev-doktrinen er namnet på eit sovjetisk utanrikspolitisk program som erklærte at Sovjetunionen, SSSR, hadde rett til å gripe inn i dei indre tilhøva til ein annan sosialistisk stat når samfunnssystemet til staten og felles interesser til dei sosialistiske landa var truga.
 
Doktrinen fekk namn etter partisjef Leonid Bresjnev og vart proklamert for første gong då Tsjekkoslovakia vart invadert i 1968. Regjeringa til Mikhail Gorbatsjov tok avstand frå Bresjnev-doktrinen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012