Hopp til innhold

Demokrati

Om lag halvparten av menneska i verda lever i dag i eit demokrati, og Noreg vert rekna som det mest demokratiske landet i verda.

Demokrati vil seie at medlemene i eit kollektiv er med og tek viktige avgjerder som jamlikar. Ordet kjem frå gresk og tyder folkestyre: demos = folk + krati = styre. Omgrepet viser vanlegvis til eit politisk system der folket vel politiske representantar gjennom frie val, og der alle borgarane er sikra grunnleggjande rettar til å ta del i samfunnslivet. Vi snakkar òg om demokrati i skulen, i arbeidslivet og i organisasjonar. Då tyder det at elevar, tilsette eller medlemer er med og tek viktige avgjerder etter demokratiske prinsipp.

Ein grunnregel i demokratiet er at det ikkje er éin eller nokre få som bestemmer, men fleirtalet. Demokratiet kan likevel ikkje la makta til fleirtalet vere uavgrensa. For at heile folket skal ha del i samfunnsstyret, og ikkje berre dei som til ei kvar tid er i fleirtal, må alle borgarar sikrast gode vilkår for fri meiningsdanning, og minoritetar må vere sikra mot overgrep. Dette føreset mellom anna ei fri presse, eit mangfaldig sivilsamfunn, allmenn skulegang og vern av menneskerettar, til dømes ytrings- og trusfridom.

Dei demokratiske samfunna i dag er som regel liberale, konstitusjonelle demokrati. Det vil seie at dei har ei grunnlov som fastset dei overordna spelereglane for folkestyret, og at mindretalsvern og menneskerettar er sikra gjennom uavhengige institusjonar. Eit demokrati utan slike institusjonar, eller der borgarane har få reelle høve til å påverke politikken, kallar vi eit autoritært eller illiberalt demokrati.

Dei første samfunna som vart kalla demokrati, var bystatar i Hellas i tida etter 500 f.Kr., der politiske saker vart avgjorde direkte av fleirtalet i folkeforsamlinga. Moderne, representative demokrati, der folket i hovudsak styrer indirekte ved å velje representantar til ei nasjonalforsamling, voks fram gradvis i Europa og Amerika frå slutten av 1700-talet. Moderne demokrati kan òg ha innslag av direkte demokrati, oftast i form av folkerøystingar, men i nokre tilfelle òg ved at innbyggjarane vert involverte i avgjerder gjennom folkemøte.

Talet på demokratiske land voks sterkt etter andre verdskrigen og i perioden frå midten av 1970-åra til om lag 2005. Ifølgje ein kjend demokrati-indeks fanst det 20 fullverdige demokrati og 55 mangelfulle demokrati i verda i 2018. Resten var autoritære styre, eller ei blandingsform. Noreg vart rekna som det mest demokratiske landet i verda, følgt av Island og Sverige.

 

Kjelder

Ronald Dworkin: Is Democracy Possible Here? Principles for a New Political Debate. Princeton 2006

James Miller: Can Democracy Work? A Short History of a Radical Idea, from Ancient Athens to Our World. New York 2018

 

Erik Oddvar Eriksen (red.): Deliberativ politikk. Demokrati i teori og praksis. Oslo 1995. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/2f11bc2a97bdcf90965c88dbd889d5fe [lesedato 13.1.2019]

The Economist Intelligence Unit: «Democracy Index 2018», eiu.com: https://www.eiu.com/topic/democracy-index [lesedato 13.1.2019]

 

Peikarar

«Folkestyret», stortinget.no

NDLA: «Tidslinje: Demokratiet i Noreg (1814–2014)», ndla.no

Først publisert: 28.05.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019