Hopp til innhold

Demokratiteori

Kva er demokrati, og kva er dei viktigaste verdiane i demokratiet? Demokratiteori er eit forskingsfelt som prøver å gi svar på slike spørsmål.

Ulike demokratiteoriar deler nokre felles idear, mellom anna at demokrati krev frie val med allmenn stemmerett. Teoriane kan til dømes vere einige om at Noreg er eit demokrati, men samstundes ueinige om kor godt det norske demokratiet fungerer, og korleis det kan bli betre. I presentasjonen nedanfor blir skilnadane mellom dei ulike teoriane framheva.

Ein enkel teori, inspirert av dei første demokratia i det gamle Hellas, seier at vi har demokrati så lenge fleirtalet bestemmer og får viljen sin gjennomført. Teorien tilseier at innbyggjarane bør få vere med og styre direkte, til dømes gjennom folkerøystingar, og at det er udemokratisk å ha lover og institusjonar som bind folkeviljen. I si moderne form blir dette synet gjerne kalla populistisk demokrati.

Liberale demokratiteoriar tek utgangspunkt i det moderne, konstitusjonelle demokratiet. Dei framhevar individuell fridom som ein grunnleggjande verdi og krev difor vern av individuelle rettar som ytringsfridom og eigedomsrett, mot fleirtalet si makt. Dei grunngir demokratiet med at det gir borgarane høve til å fremje eigne interesser og verdiar, samstundes som det avgrensar høvet til statlege maktovergrep.

Republikanske teoriar legg til grunn at det finst eit felles gode i samfunnet som bind borgarane saman. Idealet deira er fridom frå vilkårleg makt, og dei meiner at denne fridomen i tillegg til formelle rettar krev aktiv deltaking i demokratiet, også utover sjølve valhandlinga. Slik skil dei seg frå individfokuset i liberalismen.

Sosialistiske teoriar byggjer på dei republikanske og meiner at reelt demokrati føreset solidaritet og små sosiale forskjellar mellom innbyggjarane. Dei krev difor at dei liberale rettane må supplerast med sterkare økonomiske og sosiale rettar, og at økonomien og andre delar av samfunnslivet i større grad må liggje under demokratisk kontroll.

Deliberative teoriar seier at demokratiet krev ei opplyst folkemeining, som berre kan dannast gjennom ein fri og open samfunnsdebatt. Til skilnad frå populistiske teoriar seier dei at fleirtalsmeininga ikkje alltid er legitim, til dømes dersom samfunnsdebatten er prega av løgn og manipulasjon, eller at nokre grupper ikkje har fått kome til orde.

Eit aktuelt spørsmål innanfor demokratiteori er i kva grad demokratiet kan og bør utvidast utover landegrensene. Eitt syn er at demokrati føreset ein gjensidig tillit og ein fellesskap mellom borgarane som berre kan eksistere i ein nasjonalstat. Det motsette synet er at ein ikkje kan ha reelt demokrati så lenge borgarane ikkje har høve til å påverke internasjonal politikk og økonomi gjennom felles institusjonar og organisasjonar som til dømes EU.

 

Kjelder

Erik Oddvar Eriksen (red.): Deliberativ politikk. Demokrati i teori og praksis. Oslo 1995

Amy Gutman: «Democracy», i Robert E. Goodin ofl.: A Companion to Contemporary Political Philosophy, 2. utg. Oxford 2007

Jørgen Pedersen (red.): Moderne politisk teori. Oslo 2010

 

Peikarar

Stortinget: «Folkestyret», stortinget.no

Inga Berntsen Rudi ofl.: «Demokratiutvikling i Noreg, 1800–1945», ndla.no, sist oppdatert 10.1.2019

The Economist: «Democracy Index 2019», eiu.com

Først publisert: 27.05.2020
Sist oppdatert: 06.08.2020